ID 2315 Helsefagarbeidarar - Heimebaserte tenester
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Heimebaserte tenester er den delen av kommunehelsetenesta som gir med pleie og omsorgstenester for personar som bor utanfor helseinstitusjon. Tenesta er ein vesentleg del av eldreomsorga, sjølv om det ikkje berre er eldre som mottar heimetenester. Me er ein aktiv og spennande arbeidsplass og har eit tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper.
Heimebaserte tenester i Stord består av 2 geografiske områder inndelt i helseteam 1 og helseteam 2, i tillegg har me avdeling Demens og sjukepleie- og meistringsteam som gir tenester i hele området. Som helsefagarbeidar i heimebaserte tenester blir du ein del av eit team som skal bistå brukarane våre med gode tenester i tråd med tildelte timar i vedtak. Du rapporterer utførte oppdrag og observasjonar i fagsystemet vårt som er mobil omsorg. Du har fokus på brukarmedverknad og møter bruker og pårørande i tråd med <<Kva er viktig for deg?>>
Helseteam er en ny måte å arbeida på for helsefagarbeidar og du vil bli ein del av eit større fellesskap der du får være med på å forme framtidas heimebaserte tenester.
Det er ledig inntil 3 faste, 100% stillingar for autoriserte helsefagarbeidarar, både i helseteam og demensteam.Stillingane er i turnus på dag/kveld med helgearbeid i årsturnus. Helgearbeid er regulert i rammeavtale som er felles i Stord kommune, og du kan velje mellom langvakter og ordinære vakter.
Arbeids- og ansvarsområde:Du følgjer opp Stord kommune sine visjonar, verdiar og handlingsprinsipp og utøver tenesta i tråd med eininga sin primærkontaktmodell. Du har fokus på velferdsteknologi og rehabilitering slik at brukaren kan oppnå eit best mogeleg funksjonsnivå. Du medverkar til eit godt klima for tverrfagleg samarbeid, dokumenterer i fagsystemet og er ein aktiv bidragsytar for eit godt arbeidsmiljø. Som helsefagarbeidar vil du få ansvar for å følgje opp lærlingar og elevar. Du holdar deg oppdatert innan eige fagområde og likar å arbeide i eit pulserande miljø med omskiftelege behov. Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, er trygg og tydeleg i din kommunikasjon. Du likar å lære nye ting og utvikle deg fagleg og personleg. Arbeidsoppgåvene er varierte, akkurat som dagane.
Kvalifikasjonskrav:-
Autorisert helsefagarbeidar
-
Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
-
Språkprøve B2 må være avlagt og bestått for søkjar utanfor Skandinavia
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt
-
Du må ha førarkort klasse B
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Birthe Helen Huse 53496622 eller avdelingsleiar Violeta Ivanauskiene 54303167
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931178
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
dc59c2e9-56ad-433a-9ebd-0e6a3bb4af32