Norsk Landbruksrådgiving SA søkjer grovfôrrådgivar i Nord-Gudbrandsdal
Norsk Landbruksrådgiving SA
2686 Lom, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar grovfôr
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Vil du bli ein del av landbrukets viktigaste kompetansebedrift? NLR har ledig inntil 100 % fast stilling, innan fagområdet grovfôr. Rådgivaren skal betene produsentar i kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Lesja og Dovre. Kontorstad kan bli tilpassa etter kvar kandidaten bur.
Gjer ein skilnad -- kvar dag!I NLR SA står du midt i utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil vere med å påverke retningsval og produksjon hjå næringsutøvarar i landbruket, og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten vi alle er avhengige av kvar einaste dag.
Vi i NLR er nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette sin fagkompetanse og vilje til utvikling, er avgjerande for å lukkast med oppdraget vårt. Vi tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg- og fagleg utvikling.
Kven leitar vi etter?Vi søkjer ein sjølvstendig og initiativrik person med gode evner til skriftleg og munnleg kommunikasjon. Du trivst med ein variert arbeidsdag, mykje utearbeid om sommaren og har eit sterkt engasjement for agronomi og god drift hjå bonden.
Du må ha høgare landbruksfagleg utdanning og/eller relevant landbruksfagleg erfaring. Vi oppmodar også erfarne produsentar om å søkje stillinga. Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere bil.
Arbeidsoppgåver:- Medlemsrådgiving, individuelt og i grupper
- Planleggje og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
- Utarbeide gjødlingsplanar og ta jordprøver
- Skrive artiklar til nettsider og fagblad
- Andre moglege arbeidsområde kan vere plantevernkurs, økologisk landbruk, klimarådgiving og grovfôrøkonomi, avhengig av søkjaren sine interesser og kompetanse
- Inntil 100 % fast stilling.
- Fagleg utfordrande arbeid i eit aktivt og godt arbeidsmiljø
- Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet
- Triveleg arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Gode pensjon- og forsikringsordningar
Om bedriften
Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er eit landsdekkande samvirkeforetak med 24.000 medlemmar og 400 medarbeidarar. Med 6 regionavdelingar og rundt 100 kontorstader, har NLR sterkt lokalt nærvær. NLR er bindeledd mellom forsking og landbruket, og innhentar, utviklar og samordnar kunnskap som rådgjevarane formidlar til næringsutøvarar i landbruket.
Våre tilsette jobbar med rådgjeving og utviklingsoppgåver innan jord- og planteproduksjon, økonomi, rekneskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og heilskapleg rådgjeving og er ein attraktiv samarbeidspartnar for landbruket.
Sektor
Privat
Nettsted