Trainee hos Ullensvang kommune: Økonomi
Framtidsfylket AS
Opheimsgt. 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
No ser vi etter deg som vil vere med å bidra til ei viktig samfunnsoppgåve i kommunen vår. Som ein tidlegare trainee seier: - Om du vil utrette ein forskjell må du kome til ein mindre plass, det er her stemma di betyr noko.
Dette vil du jobbe med:- Finans
- Eigedomsskatt
- Kraft
- Rekneskap
- Budsjett og prognosearbeid
- Andre relevante oppgåver innan fagområdet
Traineestillinga er i økonomiavdelinga i Sentraladministrasjonen i Ullensvang kommune, som i dag har 11 tilsette. Når du startar i jobben har vi flytta inn i heilt nytt og moderne kontorfellesskap på rådhuset i Odda.
Kvifor jobbe hos oss?Her får du raskt ansvar, men vil ikkje stå åleine. Du vil samarbeide tett både med nære kollegaer og andre avdelingar for å sikre ein god økonomifunksjon for kommunen. Innan faget vårt blir vi aldri ferdig utlærte, så vi er opptekne av regelmessig kursing og fagleg påfyll for å halde oss oppdaterte.
Her får du altså:
- Meiningsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit sterkt og godt fag- og arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
- Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod
- Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Leve ditt beste liv i Noregs friluftshovudstad!
Du har høgare utdanning innanfor økonomi, finans, rekneskap/revisjon eller juridiske fag. Du ønskjer å utvikle deg og bruke faget til å drive fram endringar. Og du har eit engasjement og ønskje om å bidra i den viktige samfunnsoppgåva som økonomifunksjonen i ein kommune er.
Kvifor Ullensvang?Ikkje for å skryte, men vi kan ikkje la vere: I Ullensvang er vegen til verdas vakraste naturopplevingar kort, uansett om du vil gå i høgfjellet eller slappe av ved fjorden. Turisme, siderproduksjon og industri blomstrar, og til deg som likar det litt meir urbane kan vi skilte med at vi har vår eigen Michelinkokk i Odda og badstue i Sørfjorden!
Så, kva seier du? Skal du bli med på laget vårt i Ullensvang kommune?
Søk no, og start karriera di på beste vis!
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.”
Om bedriften
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dc2f9cd7-9b7c-4b37-909e-4fedc667ac20
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
0000b6d1-7499-46ab-a56e-6424ed871414
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Odda ungdomsskule
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tyssedal barneskule
Sted
Odda