Vitskapleg assistent (50%) i samtidskunst
Universitetet i Bergen
Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Vitskapleg assistent (50 %) i samtidskunst
Type ansettelse
Åremål, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 17. oktober
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVitskapleg assistent
Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei åremålsstilling i 50% som vitskapleg assistent i to år, knytt til bachelorprogrammet i samtidskunst, med ønska oppstart i januar 2026.
Vi søkjer ein vitskapleg assistent som skal ha hovudansvar for fagspesifikk koordinering av BA-programmet i samtidskunst. Assistenten vil ta del i ein spennande fase av studiet, vere ein del av eit dynamisk undervisningsmiljø og få gode moglegheiter for utvikling innan undervisning, læring og forsking.
Stillinga som vitskapleg assistent er meint å vere eit grunnlag for vidare fagleg utvikling. Arbeidet skal gi innsikt i og erfaring med kunstnarisk utviklingsarbeid med tilhøyrande prosessar og metodar.
Personar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend eller har oppnådd doktorgrad kan ikkje tilsetjast som vitskapleg assistent. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Arbeidsoppgåver:
- Fagspesifikk koordinering av studentane sine læringsaktivitetar, inkludert seminar, førelesingar, utstillingar, eksamen og opptak
- Tilrettelegging av studentane sine arbeidsplassar knytt til BA ART-modular
- Samarbeid med programstyret og alle modulansvarlege for bachelorprogrammet
- Samarbeid med vitskapleg assistent for MA Kunst
- Bidra til utvikling av bachelorprogrammet
Kvalifikasjonar:
- Må ha mastergrad, helst innan samtidskunst, skapande kuratorpraksis eller tilsvarande.
- Må kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarleg og fleksibel.
- Må vere imøtekomande og engasjert.
- Bør ha gode språkkunnskapar og formuleringsevne på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
- Bør ha gode samarbeidsevner og ein strukturert arbeidsform.
- Bør ha kjennskap til samtidskunst og dets praksisar.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseheving
- Stilling som vitskapleg assistent (kode 1020) med årsløn frå kr 497 500 til kr 515 000 i full stilling. Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Kort motivasjonsbrev
- CV, inkludert liste over kunstnariske produksjonar og/eller organisatorisk erfaring som er relevant for stillinga
- Attestar som dokumenterer relevant utdanning
- Referansar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar Katrine Hjelde: katrine.hjelde@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dc2bf8dc-4649-4ba3-b04b-fcf6a82dba3f
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264522