Systemansvarlig IKT
Medisinsk biokjemi - Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Systemansvarlig IKT - Medisinsk biokjemi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 13. mai
Vi ser etter deg som likar smarte løysingar, god systemflyt og framtidsretta teknologi – og som vil bidra til trygg og effektiv pasientbehandling gjennom gode systemløysingar.
Som systemansvarleg IKT hos oss blir du, saman med ein likestilt kollega, ein nøkkelperson med ansvar for fagfeltet i heile avdelinga ved sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda. Dette er ei stilling for deg som vil vere tett på både teknologi og fagmiljø – og som får energi av å løyse utfordringar, samarbeide med andre og tenkje nytt.
Du blir del av eit dyktig team og vil jobba tett saman med fagansvarlege ingeniørar, medisinsk ansvarleg og funksjonsleiar. Hos oss får du arbeide med store og avanserte system – og samtidig vere ein aktiv del av både regionale og nasjonale prosjekt og nettverk.
Du jobbar dagtid, men den kan vere behov for noko arbeid utanom normal arbeidstid.
Skal du flytte for jobben? Då hjelper vi deg gjerne! Vi kan dekkje reise- og flyttekostnader (inntil 20 000 kr), og vi betaler husleige dei første seks månadane (inntil 60 000 kr).
👉 Er dette noko for deg? Då håpar vi du søkjer – eller tek ein prat med Benedikthe om du vil vite meir. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
I denne rolla får du ansvar for IKT-systema våre – frå drift og vedlikehald til feilsøking, opplæring og utvikling. Du vil arbeida med alt frå labdatasystemet Unilab til instrumentintegrasjonar og mellomvareløysingar.
Du vil delta i:
- Daglige vedlikehaldsoppgåver.
- IKT drifts - og feilsøkingsoppgaver knytta mot våre systemer og mellomvarer.
- Vedlikehald av prosedyrar, kodeverk og tenestekatalogar.
- Versjonsoppgraderingar.
- Statistikk og debiteringsansvar for labdatasystemet.
- Anbudsprosessar som påverkar IKT.
- Lokale og regionale IKT-prosjekt og nettverk.
- Implementering av nye systemer, og bistå i opplæring.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Vi ser gjerne at du er bioingeniør med norsk autorisasjon, men relevant erfaring frå IKT eller laboratoriemiljø kan kompensere for det.
- Erfaring frå medisinsk biokjemi, kjennskap til Unilab, SQL, og vidareutdanning innan IKT er ønskjeleg.
- God forståelse av generelle IKT-verktøy
- Kjennskap til elektronisk meldingsutveksling og medisinske fagsystem er ønskjeleg
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- likar å finne løysingar når andre står fast
- får energi av å jobbe sjølvstendig – men òg saman med andre
- held hovudet kaldt når det hastar, er strukturert og tek ansvar
- har høg arbeidskapasitet, men veit òg når det er tid for å spørje om hjelp eller dele ei god løysing vidare
Fagleg kompetanse er viktig, men like viktig er det at du kommuniserer godt, trivst med ansvar og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss:
- blir du ein del av eit løysningsorientert arbeidsmiljø der det er lett å spørje – og like naturleg å bidra
- får du både fagleg påfyll og rom for å utvikle deg vidare, anten du vil fordjupe deg i systema våre eller ta nye steg i karrieren.
- blir du med i spennande prosjekt, utvikling og forbetringsarbeid – både lokalt og regionalt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Benedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930, benedikthe.celine.hartvigsen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4962640171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2932796
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8b26ba80aac148478d7b17027aff6672