Besøksheim og støttekontakter
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Besøksheim og støttekontakter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du husrom og hjarterom til å ta imot barn eller ungdom éi eller fleire helgar i månaden - eller kan du gje nokon ei meir aktiv fritid som støttekontakt?
Stryn kommune treng fleire besøksheimar og støttekontakter. Alle er unike med ulike behov, og vi ønskjer å ha ein god database med kandidatar for å finne den rette vaksne til den einskilde. Difor ønskjer vi at fleire registrerer seg hjå oss.
Kva vil det seie å vere besøksheim?
Å vere besøksheim inneber å ta imot eit barn eller ein ungdom, ei eller fleire helgar i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som har eit særleg behov. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vera ein ekstra ressurs for barnet. Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksenpersonar som har husrom og hjarterom. Barna vil ha stor glede av både kvardagslege og kjekke aktivitetar.
Kven er besøksbarna?
Barna kan ha nytte av å vere saman med andre familiar. For mange av barna er det behov for å oppleve andre rammer med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Kontakten med dei vaksne har som mål å gje barna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggleik.
Kva vil det seie å vere støttekontakt?
Vi har trong for støttekontakter både til barn, ungdom og vaksne. Som støttekontakt kan du vere med og gje barnet eller ungdommen ei meiningsfull fritid, auka tru på seg sjølv, noko å sjå fram til og gode minne. De kan til dømes gå tur, gå på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar, avhengig av barnet sine interesser og ønskjer. Det skal vera givande både å ha og å vera støttekontakt.
Støttekontakta treng ikkje å ha ein fagleg bakgrunn, men vil få råd og rettleiing.
Personlege eigenskapar
Du bør vere sosial og inkluderandeVi tilbyr
Betaling etter faste satsarKontaktinformasjon
Åshild Heggdal, Einingsleiar, 93446790Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4904532711
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2831416
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f183746365af4a6e9b0e21dbacf5d8f0