Vassenden heimeteneste søker
Sunnfjord kommune Vassenden heimeteneste
Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar og vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Vassenden heimeteneste i Sunnfjord kommune yter hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Som ein del av vårt team vil du ha moglegheit til å lære av andre dyktige sjukepleiarar og vere med å vidareutvikle tenesta vår. Dagane i tenesta er varierte, og det dukkar stadig opp situasjonar og utfordringar som må løysast. Du vil få ein unik breiddekompetanse, der du aktivt får nytta ferdigheitene og kunnskapen din. Søker du utfordringar og variasjon i arbeidskvardagen, er dette jobben for deg. Personalgruppa har fokus på eit godt fag- og arbeidsmiljø.
Vi har ledig stilling som:
- sjukepleiar - 2 faste stillingar i 100 %vernepleiar - 1 fast stilling i 100 %
Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det vil også være moglegheit for langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Sjukepleiarstudentar vil bli vurdert til fast stilling, med atterhald om autorisasjon.
Andre søkarar med helsefagleg utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetting.
Arbeidsoppgåver:
- ansvarleg for å utføre pleie- og omsorgs oppgåver i hendhald til gjeldande vedtak
- fremje god helse, førebygge sjukdom og lindre liding
- bidra til god ressursutnytting på avdelinga og tverrfagleg samarbeid, internt i tenesta, så vel som i kommunen
- samarbeide tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre kommunale instansar
- sørge for at nødvendige prosedyrar og rutinar er utarbeidde
- bidra til å sikre forsvarleg pleie- og omsorgstenester, og løyse oppgåver i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- ansvar for legemiddelhandtering, samstemming og legemiddelgjennomgangar
- rettleie nye medarbeidarar, studentar og elevar
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- nasjonal norskprøve nivå 3/B1, bestått både munnleg og skriftleg
- gyldig politiattest av ny dato
- god IT-kunnskap
- førarkort klasse B
Sjukepleiarstudentar vil bli vurdert til fast stilling, med atterhald om autorisasjon.
Andre søkarar med helsefagleg utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetting.
Vi søker deg som:
- har interesse og engasjement for fagfeltet
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
- er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
- er fleksibel og likar utfordringar
- har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- inkluderande miljø
- pasientnært og fagleg fokus
- faglege utfordringar
- drivande godt arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- rekrutterings og stabiliseringstillegg kr 5 000
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Tilsetting vert gjort fortløpande.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dc184dd4-8b05-470f-b216-4f63f1c94bd0
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3512499_191731_nn