Opplevingsguide i Aurland
Fjordsafari Norway AS
Nedre Fretheim 9, 5743 Flåm, Norge, Vestland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Natur og opplevingsguide
Oppstart
1. juni 2025
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i dag
Send søknad til
Me søker deg som likar å vera ute i naturen og gå turar i vårt vakre fjordlandskap!
Som natur og opplevingsguide skal du gje gjestene nære opplevingar i ein eventyrleg natur, fortelja om kultur og dela den lokale historia. Nærområdet vert din arbeidsplass og arena for å komma nærare livet langs fjorden der me med anna nyttar våre bilar for å komma oss fram til startpunktet. Me har daglege turar til fjellstølen Leim. Samt andre vandreturar og smaksopplevingar i fjordbygdene og dalføra rundt Flåm. Me tilbyr òg skreddarsydde aktivitetar med vandring, lokale attraksjonar og stølsbesøk.
Dine arbeidsoppgåver vert:
-
Å ta gjester med ut på naturopplevingar
-
Vere vertskap for gjester, der me nyttar Flåm som utgangspunkt for våre turar.
-
Formidle entusiasme og ekte opplevingar på eit personleg plan.
-
Skandinavisk eller engelsk formidling. Om du kan eit anna språk er det eit pluss.
-
Har hatt førarkort klasse B med manuelt gir i minimum 2 år
-
Språkkunnskap: Skandinavisk og engelsk
-
God helse til å bestå kravet for persontransport
-
Evna til å kunne sette deg inn i lokal historie og kultur
-
Erfaring som guide er ein fordel
-
Førstehjelpskurs
-
Sjølvstendig og løysingsorientert
-
Engasjert og serviceinnstilt
Kontaktperson for stillingen
57633323
Om bedriften
Fjordsafari Norway AS er ei aktivitetsbedrift som tilbyr unike opplevingar i hjarta av Fjord-Noreg. Me er lokalisert i Flåm - ein av Noregs viktigaste reiselivsdestinasjonar med attraksjonar som Nærøyfjorden på UNESCO-lista, Flåmsbana, Rallarvegen og Aurlandsdalen.
Med vårt slagord GET CLOSER TO NATURE gir me gjestene våre unike, guida naturbaserte opplevingar i nærområdet. Me har eit mangfald av produkt frå fjord til fjell, sumar som vinter. Med våre RIB/RBB-båtar tek me gjestene med på guida FjordSafari turar 365 dagar i året. Me tilbyr vandreturar med natur, kultur og lokale smakar. Me har halvdagsturar og skreddarsydde aktivitetar for individuelle og grupper. På vinteren tek me òg i bruk truger for å gi unike opplevingar med utsikt over fjord og fjell.
Fjordsafari Norway AS har tolv faste heilårstilsette og rundt 20 sesongtilsette. No vil me ha deg med på laget!
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2837602
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
dc04c5b2-d1b9-4fcf-91bf-bfc746196343