Hopp til innhold

Fagarbeidar/Miljøarbeidar

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Reigstad, 5281 Valestrandsfossen

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeider/Miljøarbeider fast 100% Reigstad Bustad
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Om stillinga

Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov. 

Det er no ledig ei 100% stilling med arbeid kvar 4 helg. Denne stillinga består av hovedsaklig langvakter på 13 - 14 timar med nokre vakter på 9,25 timar

Reigstad bustad gjev bistand til ein person som treng at du aktivt søkjer god kommunikasjon og er opptatt av relasjonsbygging

Stillinga er ledig frå og med 01.08.2026 eller etter avtale 


Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid i samarbeid med dine kollegaer
  • Ha fokus på relasjonsbygging for å skape tryggleik og ro
  • Kommunisere på ein god og omsorgsfull måte
  • Følge opp tiltak og prosedyrer
  • Oppfølging i forhald til kap. 9
  • Delegerte oppgåver frå din næraste leiar 

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar. 
  • Har kunnskap om autisme og utviklingshemming 
  • Har erfaring frå brukargruppa
  • Erfaring med kap 9, tvang og makt, er ønskjeleg
  • Evne til å arbeida målretta og sjøvstendig
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing 
  • Førarkort klasse B
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg, samt gjennom bestått språktest eller B2 test på mellomnivå

Vi tilbyr

  • Stort rom for sjølvstendig arbeid
  • Høg fagleg kunnskap blandt dine nye arbeidskollegaer
  • Godt arbeidsmiljø der alle bidrar og drar lasset i same retning
  • Løn etter tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår, for tida plasserte i KLP
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

Kven er du 

  • Du har ei grunnleggjande respekt for menneske og eit engasjement for brukargruppa 
  • Du er trygg på deg sjølv og har god fysisk og psykisk helse som gjer at du tåler å stå i utfordrande situasjonar
  • Du har ei høg etisk medvetande og evne til kritisk refleksjon
  • Du er lojal mot felles beslutningar 
  • Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø 
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen.

Kontaktperson for stillingen

Irene Elvik

Avdelingsleiar

+4795220372

irene.elvik@osteroy.kommune.no

Om bedriften

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dbfd8315-0942-4ee8-9877-ddf9c9472610

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290627

Lignende annonser

Laster lignende annonser