Hopp til innhold

Helsefagarbeidar 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Bukollektiva, Sula kommune

Sted

Sloghaugvegen 28, 6030 Langevåg

Om jobben

Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!


Ved Bukollektiva, Sloghaugvegen 28, har vi ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar. Arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Om ønskeleg kan stillinga aukast til 100% då med 20% flytvakt i turnus. 

Er du ein helsefagarbeidar som ønskjer å arbeide kunnskapsbasert, systematisk og personsentrert innan eldreomsorg? Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle di faglege kompetanse i eit miljø med høg kvalitet og faglege ambisjonar.

Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider aktivt med å skape trygge, gode og meiningsfulle dager for våre bebuarar med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie.

Sloghaugvegen 28 er bukollektiv med heildøgns omsorg for eldre med samansatt sjukdomsbilete. Avdelinga er adskilt med 2 etasjer, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt. Avdelinga og eininga har godt omdømme.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 31.mai 2026, oppstart 10.august-26 eller anna dato etter avtale. 


Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre systematisk pleie og miljøterapeutiske tiltak   
  • Kartleggje funksjonsnivå, åtferd og behov ved bruk av faglege verktøy   
  • Bidra til struktur, forutsigbarheit og tryggleik for bebuarane 
  • Delta i faglege drøftingar, refleksjon og kontinuerleg kvalitetsforbetring   
  • Dokumentere i tråd med lovverk, faglege standardar og interne rutinar   
  • Samarbeide tett med sjukepleiarar, vernepleiarar og anna fagpersonell 
  • Praktisk hjelp    
  • Primærpleie    
  • Medisinhandtering    
  • Nært samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar   
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med eldreomsorg kan vere ein fordel   
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad   
  • Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon  
  • Gode datakunnskaper   
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesser for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.

Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.  

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer   
  • God opplæring og nærleiing   
  • Mentor-ordning ved oppstart 
  • Fokus på eldreomsorg og fagleg utvikling   
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper   
  • Varierte arbeidsoppgåver   
  • Gratis parkering 
  • Tillegg for relevant vidareutdanning 
  •  I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,-  som kompensasjon for å arbeide på helg og 20-års ans.stige.

 

Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

Kontaktinformasjon

Anitra Kringstad, Avdleingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret, 90761914, anitra.kringstad@sula.kommune.no
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Sloghaugvegen 28
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5129471190
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Cecilie Ørjasæter

Einingsleiar

91596764

Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no

Anitra Kringstad

Avdleingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret

90761914

anitra.kringstad@sula.kommune.no

Om bedriften

Her bur i hovudsak eldre som ikkje lenger klarer seg i eigen bustad eller i omsorgsbustad. Avdelinga har 16 bebuarar, med rom fordelt på to etasjer. Målet vårt er å gi bebuarane eit individuelt tilbod ved å nytte eigne ressursar for å meistre kvardagen. Turnus er to-delt med arbeid kvar 3. helg.

Instagram

Facebook

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dbf95aed-580d-4ab8-b308-73106476231e

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

306c63133a194b63b6ffb8caf6325f73

Lignende annonser

Laster lignende annonser