Elektriker
HAFS ELEKTRO & RØR AS
Gulen
Om jobben
Stillingstittel
Elektriker
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
No ser vi etter ein elektrikar til basen vår i Brekke i Gulen, som kan bidra til at verksemda styrkar seg inn i framtida.
Å vere elektrikar hos oss er mykje meir enn å installerer stikkontaktar og brytarar. Her kan du jobbe med maritime installasjonar den eine dagen, medan du løyser utfordringar med brannalarm den neste.
Vi i HAFS Elektro & Rør AS jobbar litt overalt. Det vil seie at du får køyra rundt i vakker vestlandsnatur i eigen yrkesbil og jobbe på mange ulike stader.
Med ein variert arbeidskvardag og ulike typar oppdrag, vil du oppleve meistring og fagleg utvikling kvar einaste dag.
Typiske arbeidsoppgåver vil vere:
Nyinstallasjon og service i bustader, hytter, kommunale bygg, industri, fartøy og mykje anna
Oppdrag for maritime næringar
Solcellepanel, varmepumper, smarthus
Brannalarm, adgangskontroll, bustadtryggleik
Kvalifikasjonar
Du har relevant fagbrev innan elektrofag gruppe L.
Har gode haldningar til HMS, kvalitet og ytre miljø.
Meistrar norsk munnleg og skriftleg.
Har førarkort klasse B.
Har noko IT-kunnskap.
Det er eit pluss om du har erfaring med EL-kontroll.
Bli med på laget!
I HAFS Elektro & Rør AS legg vi til rette for at du skal trivast med både arbeidsoppgåvene og kollegaene dine. Vi er opptatt av å gi deg friheit til å løyse ulike problem du møter på, samtidig som vi har låg terskel for å spørje om hjelp. Med 45 tilsette har vi brei og allsidig kompetanse, og du kan alltid ringe ein kollega om du har ei utfordring. Om du ønsker å utvikle deg, har vi gode ordningar for vidareutdanning. Med eigen yrkesbil og stort nedslagsfelt er det ikkje nødvendig å bu i Brekke for å jobbe hos oss. For søkjarar som ikkje bur i dagpendlaravstand kan rotasjonsordning vera aktuelt.
Vil du vere med på laget? Send ein søknad til post@hafs-elektro.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
HAFS Elektro & Rør AS er ein lokal leverandør med eit breitt tilbod av elektro- og røyrleggartenester. Vi har oppdrag på alt frå skipsverft og akvakultur til hytter, bustader, landbrukseigedom og kommunal infrastruktur. Hos oss er ingen dagar like, men vi leverer alltid pålitelege, framtidsretta og konkurransedyktige løysingar. Bedrifta held til i Ytre Sogn med avdelingar i Gulen, Solund og Hyllestad.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2925060
- Hentet fra
DIR
- Referanse
dbe2894b-a53d-4e41-959f-d14afa17f702