HS Rise Bygg AS utvidar betongavdelingen -- bli med på laget!
HS Rise Bygg AS
6060 Hareid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar / hjelpearbeider – Betong
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk snarest mulig
På grunn av auka ordretilgang styrkjer HS Rise Bygg AS betongavdelinga og søkjer etter fleire dyktige fagarbeidarar og hjelpearbeidere som vil vere med på å utvikle og forme eit sterkt og kompetent team.
HS Rise Bygg AS er dotterselskap av HS Entreprenør AS. Vi er eit solid konsern med sterk vekst og varierte prosjekt innan bygg og anlegg. Vi held til på Hareid med søsterbedrifter i Stryn, Førde og Ålesund, og ambisjonar om vidare vekst i regionen. Reising til prosjekt må reknast med.
Vi har solid økonomi, høg aktivitet og eit sterkt fokus på kvalitet i alle ledd. Som tilsett hos oss får du ein trygg og stabil arbeidsplass, med gode moglegheiter for utvikling og eit tydeleg fokus på kompetanseheving. Du får reell påverknad på korleis vi jobbar og utviklar oss som selskap, og du blir ein del av eit godt og uformelt arbeidsmiljø prega av høg fagleg stoltheit.
Vi tilbyr konkurransedyktig lønn og gode pensjonsordningar med AFP.
Som fagarbeidar/hjelpearbeider vil du vere ein viktig del av laget ute på byggeplassen. Vi ser etter deg som er nøyaktig, arbeidsam og trivst med fysisk arbeid i team.
Ønska kvalifikasjonar:
-- Fagbrev som betongarbeidar, eller tilsvarande erfaring
-- Erfaring frå bygg / anlegg
-- Fokus på HMS og kvalitet
-- Vilje til å ta i bruk digitale hjelpemidler
Om ei av desse stillingane høyrest interessant ut, send gjerne ein søknad eller ta direkte kontakt med daglig leiar, Lars-Ove Mork på tlf. 97 46 10 03 eller e-post: lars@risebygg.no
Søknadsfrist: 15.06.25Om bedriften
HS Rise Bygg er ein byggentreprenør lokalisert i Hareid kommune.
Vi utfører det meste av bygge- og entreprenørtenester, alt frå å bygge skular, sjukeheimar og forretningsbygg, til å bygge einebustadar og garasjar. Selskapet har om lag 46 eigne tilsette. .
Sektor
Privat
Nettsted