Vil du bli ein del av Team Møre?
Sparebanken Møre
Reitebakkvegen 20, 6143 Fiskå
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. april
Vil du bli ein del av Team Møre? Til vårt kontor i Vanylven har vi eit ledig vikariat (ut oktober 2026) som finansiell rådgivar.
Som finansiell rådgivar får du ansvaret for dine eigne kundar, og du vil følge kundane gjennom alle livets fasar ved å gi trygg og god økonomisk rådgiving. Du får arbeide bredt og hjelpe kundane både med finansiering, forsikring og sparing. Vi ønsker at du som rådgivar også skal arbeide aktivt for å skaffe nye kundar til banken.
Det er flott om dette er deg:- Du knyter lett kontakt med menneske og skapar gode relasjonar
- Du er serviceinnstilt, har personleg drivkraft og er glad i å lære
Uavhengig av din bakgrunn vil vi gi deg grundig opplæring, og vi ser etter ein medarbeidar som passar godt inn i vårt team. Det viktigaste for oss er deg, din kompetanse og ditt engasjement!
I Team Møre gløder vi for lokalsamfunnet, og håper du gjer det same. Vi ønsker å gjere ein forskjell, no og i framtida og ser difor etter deg som kjenner deg att i våre verdiar: engasjert, nær og handlekraftig.
Vi skapar verdiar samanDette er vårt løfte til deg som medarbeidar. I tillegg til at du får ei rekke godar som tilsett i Sparebanken Møre, skal du også oppleve at vi som arbeidsgivar bidreg til å skape arbeidsglede og at du skal få innflytelse. Vi skal satse på din kompetanse, og saman skal vi vere pådrivarar for verdiskaping.
Ved kontoret vårt i Vanylven, som vil vere din arbeidsplass, jobbar det i dag 4. rådgivarar. I tillegg vil du få omtrent 400 kollegaer fordelt på hovudkontoret i Ålesund og våre kontor i Møre og Romsdal, og Oslo. Vi jobbar kvar dag for å ha eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, og vektlegg samarbeid, utvikling og kompetansedeling.
I Sparebanken Møre får du ikkje berre ein jobb. Du blir ein del av eit team. Vi er først og fremst opptatt av å skape gode opplevingar for kundane våre, kvar dag.
Vi håper du er inspirert til å bli ein del av Team Møre!
Søk innan 13. aprilOm bedriften
Sparebanken Møre er den største banken på Nordvestlandet med kraft til å dyrke skaparkulturen som er her. Vi gir støtte til små draumar og store visjonar. Vi lagar møteplassar, nettverk og felleskap. Vi skal skape ein forskjell for kundane våre.
Vi har over mange år bygd opp eit stort kompetansemiljø knytt til person- og bedriftsmarknaden, samt aksje-, rente- og valutamarknaden. Saman med Møremegling er vi ein fullservicebank for personar, bedrifter og det offentlege. Vi har ein sterk kredittrating både nasjonalt og internasjonalt.
Nordvestlandet er ein region i utvikling med spanande moglegheiter og utfordringar for både privatpersonar og bedrifter. Vi skal vere pådrivar for lokal skaparglede, slik at vi kan fortsette å vere ein aktiv og engasjert bidragsytar til berekraftig utvikling av regionen vår framover. Med kontor over heile regionen, kjenner vi Nordvestlandet godt. Det er her vi gir tilbake. Det er her vi høyrer til.
Sektor
Privat
Nettsted