Elektrikar med erfaring frå skipsbygging og/eller drift.
Volti As
c/o Green Yard Kleven, Klubbenesvegen 39, 6065 Ulsteinvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Volti elektro er ei avdeling i VOLTI som utfører elektroinstallasjon og service for skip, næringsbygg, industri og bustadsmarknaden.
Vår aktivitet på installasjon av skip aukar voldsomt og vi søkjer difor etter dyktige elektrikarar for å bidra i vårt team av dyktige og erfarne medarbeidarar.
Stillingstittel
Elektriker
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Alternativt kan du sende søknad via e-post til jobb@volti.no
Hva vi ser etter
Vi ser etter personar som brenn for faget slik vi andre i Volti gjer, og som ser moglegheiter for korleis elektrotekniske system kan forbetrast både med tanke på produksjonsoptimalisering, og tekniske løysingar.
VOLTI har sett seg som mål å bidra til å gjere norsk verftsindustri konkurransedyktig med tekniske løysingar som gjer det effektivt å bygge avanserte skip i Noreg, også i framtida.
Erfaring frå faget er alltid viktig. Men vel så viktig er personlegheit og motivasjon. Difor søkjer vi også personar som ynskjer å lære meir om elektrofaget og har eit ynskje om å bidra til å utvikle miljøteknologi ombord i skip, samt andre elektrotekniske løysingar til skip.
Søkjar bør ha fagbrev elektrikar.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver for elektrikarar vil vere:
-
Samarbeid med prosjektleiar for planlegging av gjennomføring og tekniske løysingar.
-
Installasjon ombord i skip. i hht. gjeldande regelverk.
-
Bidra til å sikre at alle i teamet fokuserar på kvalitet og sikkerheit i arbeidet.
-
Koordinere innleigd arbeidskraft ved større prosjekt.
Vi tilbyr
VOLTI er eit ungt selskap med store planar, og har fått godt fotfeste i den maritime næringa. Her vil ein person som søkjer fagleg og personleg utvikling finne ein god arene saman med likesinna som heile tida jobbar for å sikre optimaliserte arbeidsprosessar og gode løysingar for våre kundar.
VOLTI har gode lønsvilkår, arbeidsvilkår, forsikrings- og pensjonsordningar.
Arbeidet vil i hovudsak foregå på Green Yard Kleven i Ulsteinvik. Arbeid på skip rundt i verda ellers vil kunne vere aktuelt.
Kontaktperson for stillingen
Severin Gjerde
Dagleg leiar/elektroinstallatør
Om bedriften
VOLTI AS er eit teknologi selskap etablert i Ulsteinvik, med automasjons-avdeling i Hovdebygda (Ørsta), og elektro-avdeling i Ulsteinvik.
Ved å bringje framtidsretta og berekraftige løysingar til maritim næring vil Volti bidra til å styrkje konkurranseevna til verftsindustrien og utstyrsprodusentar i Noreg, samt syte for at kundar får dra nytte av ny teknologi til å betre sine prosessar og dermed effektivisere sitt arbeide for å auke eigen produktivitet og kvalitet.
VOLTI er registrert elektroinstallatør og ekom-installatør.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2820844
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
dbcd5b8d-2a09-423b-ba3f-8b8e5b898d1a