Vikariat som helsefagarbeidar
Årdal kommune Pleie og omsorg
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Me søkjer trygge, omsorgsfulle og utviklingsorienterte tilsette som helsefagarbeidarar med viktige roller i omsorgstenesta vår.
Er du den me treng i våre team?
Me har ledig følgjande:
- 75% vikariat som helsefagarbeidar for tida ved ÅBO
- 100% vikariat som helsefagarbeidar for tida ved Heimesjukepleie Årdal
Me har fokus på velferdsteknologi som kan bidra til at brukarane våre kan bu lengre heime. Pasientane har ofte komplekse sjukdomsbilder, som krev god kompetanse og god oppfølging. Me er alltid opptekne av å gjere det beste for pasienten og har interesse for faget. Arbeidskvardagen hjå oss er varierande og meiningsfylt med gode kollegaer.
Helsefagarbeidar (frå snarast til 31.12.2025):Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut som helsefagarbeidar?
Som helsefagarbeidar vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere heilskapleg pleie og omsorg for pasientar på institusjon og heimebuande. Me jobba med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen for å ha ein god livskvalitet. Du vil få ansvar for journalføring og kommunikasjon med pasient og pårørande utifrå retningslinjer.
Kan arbeid som helsefagarbeidar passe for deg?
Som helsefagarbeidar vert det krevd norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. For stillinga ved heimesjukepleien er det naudsynt at du har bilsertifikat.
Du må kunne beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Alle tilsette må bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Det er stor variasjon i arbeidskvardagen og me jobbar etter eit prinsipp basert på fagleg kompetanse og tillit til at den vert nytta på best måte.
Me ynskjer at du er fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig. Du må lika ein aktiv og til tider travel arbeidskvardag. Me treng omsorgsfulle og positive tilsette med interesse for eldreomsorg, som alltid jobbar for det beste for pasienten.
Kva kan me tilby deg?Me kan tilby ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer. I Årdal kommune har me gode pensjons- og forsikringsordningar, samt bedriftshytte på Skeikampen. Du vil bli løna utifrå utdanning og praksis jamfør hovudtariffavtalen.
Det er årsturnus ved alle avdelingar, då tenestene er i døgnkontinuerlig drift. Det er moglegheit for lange vakter på helg.
Ring oss gjerne for ein uforplikta prat.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dbc864a9-17c9-443b-9e47-bebb47991848
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3525431_229361_nn