Rådgivar karriererettleiing Nordmøre
Møre og Romsdal fylkeskommune
6507 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar karriererettleiing Nordmøre
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
ein engasjert og initiativrik rådgivar som skal Rådgivar karriererettleiing Nordmøre på vegen til utdanning og arbeid.
Du får jobbe medÅ gjennomføre karriererettleiing for nye busette flyktningar. Fylkeskommunen har fått ansvar for å karriererettleie flyktningar før dei skal starte i introduksjonsprogrammet i dei kommunane dei er blitt busette i. Karriererettleiinga blir fortrinnsvis gjennomført ute i kommunane, du må derfor pårekna å reise i fylket.
Du vil óg kunne få arbeide med utviklingsoppgåver på karrierefeltet.
Fullføringsreforma, kompetansereforma og signal i utkast til ny opplæringslov kan føre til behov for å auke arbeidsoppgåvene til Karriere Møre og Romsdal. Innhaldet i arbeidsoppgåver kan bli noko endra når dette trer i kraft frå hausten 2024.
Vi søker deg som har- relevant utdanning frå høgskule/universitet
- gjerne rettleiarkompetanse og erfaring med karriererettleiing av flyktningar
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- er ein lagspelar som likar å samarbeide, dele og inkludere, og som tenker på tvers av fagområde
- er god på å bygge relasjonar og nettverk
- trivst med å vere representant og tenesteytar ute i kommunane
- har evne til å vere i omstilling, takle nye oppgåver, vere innovativ og sjå moglegheiter
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kompetanse- og næringsavdelinga har ansvaret for Karriere Møre og Romsdal, og arbeider for berekraftig vekst og nyskaping i næringsliv og kommunar. Det er om lag 80 tilsette på avdelinga. Stillinga er lagt til seksjon karriere og oppfølging med kontorstad i Kristiansund.
Du kan lese meir om kompetanse- og næringsområdet på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune, mrfylke.no
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga.
Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Du må ha førarkort klasse B.
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne siden.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Sektor
Offentlig