Rettleiar
NAV Stord
Bandadalsplassen 5, 5417 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
Ynskjer du å medverke til at fleire vert inkludert og deltek aktivt i samfunnet? Då kan du vere kollegaen me ynskjer oss.
NAV Stord har om lag 70 tilsette og er regionskontoret i Sunnhordland. Avdelinga vår som arbeider etter lov om sosiale tenester har ledig eit vikariat i 100% stilling, med oppstart snarast og fram til 31.08.24.
Du som søkjer denne jobben må like å arbeide med menneske som treng informasjon, rettleiing og oppfølging over kort og lang tid. Ser du etter ein spanande og meiningsfull arbeidskvardag, kan dette vera jobben for deg!
Arbeidsoppgåver
- Behovsavklaring og individuell oppfylging og sakshandsaming etter lov om sosiale tenester i NAV
- Gjere vurderingar og vedtak knytt til tenester frå NAV Stord
- Delta i samarbeid og oppfylging av brukarar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- gode digitale ferdigheiter
- god kjennskap til arbeidsmarknaden
- god forståing for NAV si rolle i eit samfunnsperspektiv
- god munnleg og skriftleg formidlingsevne
Det er ønskeleg at du har erfaring frå:
- rettleiings-, motivasjons- og endringsarbeid
- å jobbe tverrfagleg
- å rettleie og sakshandsame opp mot rutinar og lovverk
Personlege eigenskaper
Me legg vekt på at du:
- er god på motivasjons- og endringsarbeid med menneske, og verdset brukarmedverknad
- er tydeleg, løysingsorientert og har gode samhandlingsevne
- er målretta og arbeider systematisk
- har stor arbeidskapasitet, både sjølvstendig og i team
- tek ansvar for eiga utvikling og medverkar til utvikling av andre sin kompetanse i kontoret
- har kunnskap om arbeidsmarknaden på Stord og i Sunnhordland
- er positiv og har godt humør
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein triveleg og hektisk arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
- Ein spanande og utfordrande jobb
- Gode høve for personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjonsordningar gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)
- Stillinga er løna som rådgjevar stillingskode 1434 med brutto løn kr 509 500 - 534 900 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Kontaktinformasjon
Marie Emilie Isdahl, Avdelingsleiar, 91632164, marie.isdahl@nav.no
Arbeidssted
Bandadalsplassen 5
5417 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAV
Referansenr.: 4640154028
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 10.04.2023
Om bedriften
NAV søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i NAV. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2293117
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f68df83aa0154ae88e04bfc74c5310eb