Hopp til innhold

Undervisningsstilling i matematikk og naturfag

Arbeidsgiver

OPK-AR - Årstad vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Fjøsangerveien 38, 5053 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstilling i matematikk og naturfag
Type ansettelse
Vikariat, heltid og deltid
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest onsdag 2. september

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.  Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/ 

Vi har ledig vikariat:

100% i matematikk og naturfag frå og med 12.10.2026 til og med 26.02.2027

50% i matematikk og naturfag med oppstart så snart som mogeleg og ut 31.12.2026


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere opplæring i tråd med læreplanverket
    (LK20)
  • Gi tilpassa opplæring til elevar med ulike føresetnader og behov
  • Delta i vurderingsarbeid, inkludert undervegs vurdering og standpunktvurdering
  • Samarbeide med kollegaer om fag- og klasseteamarbeid
  • Bidra til eit godt læringsmiljø og skulemiljø  

Kvalifikasjonar

  • For å bli sett til i stillinga krevst godkjend lærarutdanning innan naturfag og matematikk på videregåande skules nivå.
  • Personlege eigenskapar

    • Gode evner til samarbeid og lagtenking - både internt og eksternt
    • Liker å utforske metodar som skaper elevaktiv læring   
    • Evne til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer      
    • Pedagogisk og fagleg nyfiken  
    • Opptatt av å skape trygge og gode læringsmiljø og opptre som ein tydleg leiar i klasserommet  
    • God profesjonsfagleg digital kompetanse   

    Vi tilbyr

    • Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
    • Ein kultur prega av mangfald og engasjement 
    • Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid 
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar  
    • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk  

    Andre opplysningar:

  • Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule    
  • Kontaktinformasjon

    Øyvind Bønes, avdelingsleiar, 40615528

    Arbeidsstad

    Fjøsangerveien 38
    5053 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

    Referansenr.: 5167530127
    Stillingsprosent: 100, 50%
    Vikar
    Sluttdato: 28.02.2027
    Søknadsfrist: 02.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Øyvind Bønes

    avdelingsleiar

    40615528

    Om bedriften

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

    Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

    Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    dba888d2-2ada-4059-a391-b7abafc4070c

    Sist endret

    19. august 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    d087678632e146f180c4766b20be2a38

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser