Lege i spesialisering
Ortopediske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: Volda kommune- ei kommune med mange moglegheiter -
Og her: VOLDA- the place you will never forget
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i seksjonen sine aktivetar innanfor vakt, poliklinikk og operativ verksemd
- Rettleiing vert gjeve etter vanlege retningsliner
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Må kunne meistre norsk språk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Engasjert
- Strukturert
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Juha Tuomas Hietanen, Seksjonsleiar lege, 70058200, Juha.Tuomas.Hietanen@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4711199274
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2444361
- Hentet fra
talentech
- Referanse
465b3a53d8f7443a98f0b80122ca7fcc