Hopp til innhold

Kokk

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Seksjon kjøkken

Sted

Sjukeheimsvegen 5A, 6092 Fosnavåg, Åsvegen 13, 6080 Gurskøy

Om jobben

Stillingstittel
Ernæringskokk pleie og omsorg, seksjon kjøkken
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. mars

Er du klar for nye utfordringar innan kokkebransjen i ein jobb som gir meining?

Pleie og omsorgsavdelinga har ledig stilling som kokk med fagbrev ved seksjon kjøkken, frå 15.04.2026. Arbeidstid vert turnus på dagtid med arbeid på 2 av seks helger, som er utarbeidd i ein årsturnus.

I mars 2025 opna vi for drift innan storhushaldning i nye topp moderne frittståande lokalar, ved Herøy omsorgssenter. Vi tilbyr kjøkkentenester til heile kommunen, og er drifta etter kok - server prinsippet. Vi samarbeider med Svingen, som er eit lågterskel tilbod, som også inneber kafédrift.

Vi ønskjer å tilsette ein dyktig kokk som er glad i å lage mat, er engasjert og motivert til å gje alle mottakarar god matomsorg i Herøy kommune. Om du vil vere med i eit godt arbeidsmiljø der vi legg vekt på å utvikle framtidas kjøkkentenester, så er du rett person for oss.


Arbeidsoppgåver

  • Produsere mat til helseinstitusjonane , cafe og heimebuande, samt catering
  • Reinhald og orden
  • Digital registrering av oppgåver/ tenester

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som institusjonskokk/ ernæringskokk
  • Erfaring frå kommunale kjøkkentenester vil vere ein fordel
  • Vidareutdanning innan ernæring kan vere ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kan bruke IKT som arbeidsverktøy
  • Førarkort kl B

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Personlege eigenskapar

  • Matinteressert, kreativ og har evne til å engasjere og motivere
  • Pådrivar for å utvikle fagleg gode tenester 
  • Strukturert, sjølvstendig og evner å prioritere arbeidsoppgåver
  • Løysingsfokusert og fleksibel
  • Samarbeidar godt med kollegaer, og bidrar til å yte gode tenester i kommunen

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Ei utfordrande og sjølvstendig stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får medverke i utviklinga av framtida sine kjøkkentenester
  • IA-bedrift
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Søkjarlista kan verte offentleggjort.  Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.  

Kontaktinformasjon

Lisbeth Skinnes, Seksjonsleiar kjøkken, +47 99095253

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5A
6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5087689443
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Lisbeth Skinnes

Seksjonsleiar kjøkken

+47 99095253

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

db673596-c958-41f8-9c74-277dece52752

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0f76eeab2d2f4802833056824ef1952a

Lignende annonser

Kokk 100 % stilling

Arbeidsgiver

Gjemnes kommune Sykehjem

Sted

Batnfjordsøra

Ferievikariat 2026 - Vestnes sentralkjøkken

Arbeidsgiver

Vestnes kommune Vestnes sentralkjøkken

Sted

Vestnes