ID 2313 Helgestillingar - Heimebaserte tenester
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
sjukepleiarstudentar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Heimebaserte tenester i Stord består av 2 geografiske områder inndelt i helseteam 1 og helseteam 2, i tillegg har me avdeling Demens og sjukepleie- og mestringsteam som gir tenester i hele området. Som helgeavløysar i heimebaserte tenester blir du ein del av eit team som skal bistå brukarane våre med gode tenester i tråd med tildelte timar i vedtak. Personleg hygiene, bistand til måltider og anna praktisk hjelp inngår også. Du rapporterer utførte oppdrag og observasjonar i fagsystemet vårt som er mobil omsorg. Du har fokus på brukarmedverknad og møter bruker og pårørande i tråd med <<Kva er viktig for deg?>>
Det er ledige helgestillingar i alle team, med arbeid kvar 3. helg, samt nokre helgestillingar med langvakter med arbeid kvar 4. helg. Me har både faste stillingar og langvarige vikariat.For sjukepleiarstudentar er det høve til gode avtaler om stipendordning.
Arbeids- og ansvarsområde:Likar du å snakke med og hjelpe folk, er du snar i snuen og løysingsorientert? Kan du rygge på speil i mørke og regn?
Me i heimebaserte tenester (HBT) treng motiverte folk til helgestillingar og vikararbeid for å levere helsetenester til folk i eigen heim
I ein helgestilling jobbar du kvar 3. helg (moglegheit for kvar 4. helg med langvakter), i lag med andre faste, kjekke og dyktige kollegaer. Det er også gode moglegheiter for å <<shoppe>> vakter utover det via ein app om du vil det.
Kva gjer me i heimebaserte? Spørsmålet er heller kva me ikkje gjer; du vil garantert få nytte alle dine gode mellommenneskelege, kreative og praktiske evner i løpet av dagen for å tilpasse deg ulike menneske og situasjonar. Arbeidsdagane er aldri heilt like, då det er folk du jobbar for og med og behova deira for helsehjelp vil variere.
Du køyrer frå hus til hus og får yta for folk det dei ikkje klarer sjølv, anten det er bistand til stell/dusj, påkledning, mattillaging, til medisinar eller andre aktivitetar knytt til nødvendig helsehjelp.
Kunnskap og interesse for menneske og helse kjem godt med til det beste for dei du er innom.
Liker du også å jobbe sjølvstendig passar du godt inn hos oss. Om du i tillegg liker å køyre bil, ikkje er redd for utfordringar og tidvis hektiske dagar, ikkje nøl med å søke jobb hos oss.
Kvalifikasjonskrav:-
Utdanning eller erfaring frå pleie og omsorgsoppgåver er ein fordel
-
Kunne jobbe sjølvstendig
-
Førarkort klasse B
-
Beherske norsk både munnleg og skriftleg, språkprøve B2 må vere avlagt og bestått for søkjar utanfor Skandinavia
-
Stillinga høver godt for studentar
-
Personlege eigenskapar blir vektlagt
-
Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må framleggas ved oppstart
-
Det er mogleg å inngå avtale om stipendordning for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Renate Matre telefon 543 93168/92406497
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931160
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
db6698ce-ab65-4cd8-9336-6543fdfd2651