Hopp til innhold

Dekksoffiser til maritimt kontrollsenter i Florø 

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift

Sted

Strandavegen, 6900 Florø

Om jobben

Stillingstittel
Navigatør til prosjekt kontrollsenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest torsdag 29. oktober

Vil du vere med når norsk ferjedrift tek eit historisk steg inn i framtida?

No har du ei unik moglegheit til å bli ein del av miljøet som skal utvikle og drifte verdas første autonome ferjesamband. Frå vårt nye maritime kontrollsenter i Florø skal vi overvake og støtte drifta av fire nye, heilelektriske ferjer på Lavik–Oppedal. Vårt Kontrollsenter blir det første døgnbemanna kontrollsenteret i ferjenæringa.

Du kjem inn medan vi byggjer, testar og utviklar framtidas måte å drive ferje på.

Som dekksoffiser blir du tett på både fartøya, teknologien og dei operative vurderingane. Du får ei sentral rolle i testing og innfasing av dei nye ferjene, og blir ein del av laget som skal forme korleis kontrollsenteret skal fungere i praksis. For å trivast hos oss bør du vere sjølvstendig, trygg i eigne vurderingar og komfortabel med å ta ansvar. Samtidig må du spele andre gode og kommunisere godt med skipsførar, mannskap og kollegaer i kontrollsenteret.

Du bør vere nysgjerrig på ny teknologi, trygg på digitale flater og ha lett for å setje deg inn i nye tekniske system og digitale verktøy.
Vi ser etter deg som er sjølvstendig og ansvarsbevisst, nysgjerrig på teknologi og autonomi, lærer raskt og blir trigga av moglegheita til å vere med og utvikle framtidas ferjedrift.

Frå sjøen til kontrollsenteret og tilbake.

I den første fasen vil du få ei sentral rolle i testing, innfasing og utvikling av fartøya og kontrollsenterfunksjonen. Stillinga er i første omgang ei prosjektstilling med 12-timars vakter og rotasjon to veker på og to veker av. På sikt vil stillinga inngå i det døgnbemanna kontrollsenteret, kombinert med arbeid om bord på ferjene på Lavik–Oppedal. Det gir ein spennande kombinasjon av operativ sjøteneste og framtidsretta arbeid på land, samtidig som du held ved like den maritime kompetansen din, maritime sertifikat og sjømannspensjon. 

Kontrollsenteret blir bemanna med både dekksoffiser/navigatør og maskinsjef. Du rapporterer til operativ leiar og samarbeider tett med ferjene, skipsførarane og andre sentrale driftsfunksjonar.

Søk og bli med på laget som skal ta verdas første autonome ferjesamband frå prosjekt til operativ kvardag.

Oppstart etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å overvåke autonom operasjon og handtere varslar.
  • Ansvar for å varsle og samhandle med skipsførarar i sambandet.
  • Ansvar for lasting og lossing på sambandet.
  • Ansvar for at kommunikasjonsutstyr er i orden. Kommunikasjonsutstyr

Kvalifikasjonar

  • D3-sertifikat 
  • God digital kompetanse, teknisk forståing og interesse for ny teknologi og autonome løysingar
  • Evne til raskt å setje deg inn i nye digitale system og verktøy
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring med eller god forståing for vedlikehalds- og sikkerheitsstyringssystem 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som blir motivert av ansvar, ny teknologi og nye utfordringar. Du er nysgjerrig og lærevillig, tek initiativ og er trygg på å jobbe sjølvstendig og ta gode avgjerder. Samstundes har du god situasjonsforståing, held hovudet kaldt når det krevst og trivst med ansvar i ein operativ kvardag. Du kommuniserer tydeleg, spelar laget godt og ønskjer å utvikle deg i takt med teknologien.

Vi tilbyr

  • Attraktive lønns- og arbeidsvilkår
  • Ei unik moglegheit til å byggje kompetanse innan autonomi og framtidsretta maritim teknologi
  • Ein spennande og variert arbeidskvardag der du får vere med og forme ei heilt ny måte å drive ferje på
  • Fri bustad og kostordning i Florø i vaktperiodane
  • Dekka reise til og frå jobb

Kontaktinformasjon

Simen Reksten Solheim, Operativ leiar, 99533482, simen.solheim@fjord1.no
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeidar, 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.no

Arbeidsstad

Strandavegen
6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5192546811
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Sigrunn Hellebust

Rekrutteringsmedarbeidar

47330488

sigrunn.hellebust@fjord1.no

Simen Reksten Solheim

Operativ leiar

99533482

simen.solheim@fjord1.no

Om bedriften

Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! 

Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.

Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.

Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

db6240e5-bd9b-4bd7-aeb7-22b50d77c27f

Sist endret

15. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9bf060f038a44f098e17e2ebdb7cfdbf

Lignende annonser

Laster lignende annonser