Hopp til innhold

Vi søker teknisk inspektør til vårt team i Florø

Arbeidsgiver

Fjord1 AS

Sted

Strandavegen 15, 6905 Florø

Om jobben

Stillingstittel
Teknisk inspektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. november

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vårt fokus er å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport, og som teknisk inspektør får du ei viktig rolle i  selskapet.

I denne stillinga vil du få ansvar for tre hybride ferjer, bygd om fra diesel til elektro, i tillegg til eit reservefartøy. Du vert ansvarleg for at fartøy og tilhøyrande ladeanlegg til ei kvar tid er teknisk operative. Du vil vere eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald. Har du interesse for motor, batteriteknologi og ladesystem, og korleis desse systemene fungerer samman, då er dette ein spanande jobb for deg. 

Her treng du ikkje superkrefter, men du må ha god teknisk kompetanse og like å vere ute i feltet der det skjer. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du likar å jobbe sjølvstendig, og skapar gode relasjonar til kollegaer. 

I Fjord1 inngår du i eit sterkt fagleg nettverk, med kollegaer lokalisert på våre kontor i Florø, Bergen og Molde. Vi treng å styrke vårt team i Florø, då ein kollega har fått nye utfordringar internt i organisasjonen. For rette kandidat kan også kontorlokalitet Molde vurderast.  

Har du interesse for gode løysingar, og ynskjer å påverke drift og vedlikehald av ferjer i nokre av våre viktige samband langs norskekysten? Då er du den vi leitar etter!


Arbeidsoppgåver

Du vert ansvarleg for eiga fartøyportefølje, der oppfølging og kvalitetssikring er sentralt for å sikre at fartøya er teknisk operative til ei kvar tid. 

  • Teknisk oppfølging av fartøy.
  • Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald.
  • Oppfølging av vedlikehaldssystem.
  • Tett dialog med skipsførar og mannskap for planlegging og koordinering av oppgåver.
  • Budsjett- og økonomioppfølging.
  • Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap.
  • Reiseverksemd i samband med fartøybesøk og verkstadopphald. 

    Kven ser vi etter?

    Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem. Du trivst i ei sjølvstendig rolle, men veit også at samarbeid er nøkkelen til suksess. Som teknisk inspektør hos oss tar du ansvar for viktige tekniske oppgåver, og vi ønskjer ein person som er proaktiv og har høg gjennomføringsevne.

    For å lykkast i rolla ser vi for oss at du har:

    • maritim bakgrunn, som maskinist eller offiser
    • høgare utdanning innan tekniske fag, helst maskin, elektro eller skipsteknisk drift
    • gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg
    • god kompetanse og er komfortabel med bruk av IT som arbeidsverktøy
    • struktur og er løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig og prioritere mellom oppgåver
    • evne til å samarbeide og kommunisere effektivt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
    • erfaring fra vedlikehandsystem som Amos eller Unisea- ikkje eit krav, men det vil vere ein stor fordel i opplæringa

    Gode grunnar til å velge oss!

    Som teknisk inspektør hos Fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Du får jobbe med tekniske utfordringar på verdsleiande fartøy og tett med eit sterkt team av fagfolk. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, der du får ta eigne beslutningar og vere med på å sikre høg teknisk standard på våre fartøy. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling og vekst, og du blir ein del av eit arbeidsteam med høgt fokus på trivsel og samarbeid. Vi legg stor vekt på fleksibilitet, og hos oss får du mulighet til å påverke både arbeidsmetodar og tekniske løysingar. 

    Teamet i Florø er klar til å ta imot deg! Saman med resten av gjengen i Fjord1 leverer vi tenester for samfunnskritisk infrastruktur med stoltheit. Når vi krydrar dette med gode velferdstilbod, forsikringar og blandt dei beste pensjonsordningane i marknaden, så håpar vi du blir nysgjerrig på oss! 

    Søk no, og bli ein viktig del av Fjord1!

    Kontaktinformasjon

    Leif Arne Hundeide, Teamleiar teknisk, 46811320, leif.arne.hundeide@fjord1.no
    Geir Hillersøy, Leiar teknisk driftseining, 90010855
    Nina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, +47 95152023

    Arbeidsstad

    Strandavegen 15
    6905 Florø

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5201232678
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 27.11.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Nina Eren Hovland Liseth

    HR rådgjevar

    +47 95152023

    Geir Hillersøy

    Leiar teknisk driftseining

    90010855

    Leif Arne Hundeide

    Teamleiar teknisk

    46811320

    leif.arne.hundeide@fjord1.no

    Om bedriften

    Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! 

    Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.

    Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.

    Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    d178615e-b968-46a2-8120-464b949e8b17

    Sist endret

    6. november 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    efa9d2b1498c4b21a9a8c57045e23d7e

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser