Hopp til innhold

Vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut/helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Foren bufellesskap, Time kommune

Sted

Gamle Åslandsvegen 25, 4355 Kvernaland, Gamle Åslandsvegen, 4355 Kvernaland

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut/helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 9. mars


Foren Burettslag er ein omsorgsbustad der det bur 7 unge voksne personar med ulike funksjonsutfordringar.

Vårt mål er enkelt: eit meningsfullt liv på egne premisser.

Me har ledig 100 % stilling for deg som trives tett på mennesker – også når følelsane er sterke, dagane uforutsigbare og utviklingen skjer i små steg.

Du vil primært jobbe med beboarar som kan ha utfordrande atferd.

Hos oss jobber me ikke mot atferd, men med mennesker. Relasjon, forutsigbarhet og trygghet er dei viktigste verktøyene me har.

Du blir en del av et stabilt team som samarbeidar tett og som gir kvarandre rom til faglege vurderingar. Me har turnus med hovedsakleg langvakter på 12,5 timer, og du har tid i turnus til tiltaksarbeid og fagoppfølging. Det er tett samarbeid med spesialisthelsetjenesta på teamet.

  Positiv atferdsstøtte (PAS) er vårt verdigrunnlag og rammeverk. Om du ikkje kjenner til PAS, fortvil ikkje - me har dyktige kurshaldarar internt i miljøtenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av beboare i dagleglivets aktivitetar 
  • Målretta miljøterapeutisk arbeid 
  • Utarbeidelse og evaluering av tiltak 

  • Dokumentasjon 

  • Samarbeid med pårørande og øvrig tjenesteapparat 

  • Bidra til fagleg utvikling i personalgruppen 

Kvalifikasjonar

 

  • Vernepleiar, sjukepleiar, sosionom eller barnevernspedagog 

    (relevant erfaring kan kompensera) 
  • Helsefagarbeidar med erfaring med utfordrande arbeid
  • Erfaring med miljøterapi og tiltaksarbeid 

  • Erfaring med dokumentasjon og evaluering

  • Kjennskap til kapittel 9 er ein fordel, men ikkje eit krav 
  • Personleg egnethet vektegges

 

 

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein person som:

  • er trygg når andre blir urolige. 

  • er rolig når tempoet auke. 

  • ein som  veit at utvikling ofte skjer sakte — men at den skjer. 
     
  • tåler krevande situasjoner uten å ta det personleg 

  • bygger relasjon før du stiller krav 

  • ser etter årsak, ikkje bare reaksjon 

  • har gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet 

  • legg merke til de små endringane som betyr mykje over tid 

Sertifikat klasse B kreves

Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Det er krav om politiattest

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Kontaktinformasjon

Tordis Winstrup, Avdelingsleiar, 93418314, tordis.winstrup@time.kommune.no

Arbeidsstad

Gamle Åslandsvegen
4355 Kvernaland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5084332618
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Tordis Winstrup

Avdelingsleiar

93418314

tordis.winstrup@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

db60e4a1-9afb-41a2-9a9c-f90209b7d348

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0d36658071084549bf13a7a97bb58adc

Lignende annonser