Ledig stilling hjå Voss Rekneskap AS
Voss Rekneskap AS
Uttrågata 23B, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Rekneskapsfører med eller utan autorisasjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Me i Voss Rekneskap AS søkjer etter positive, fleksible og engasjerte medarbeidarar, både erfarne og nyutdanna, som vil vera med på laget vårt!
Om oss:Voss Rekneskap AS er eit autorisert rekneskapsførarselskap med 6 tilsette. Me er eit lokalt rekneskapskontor, med eit triveleg arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Me har kundar innan ulike bransjar og organisasjonsstrukturar, som landbruk, aksjeselskap og enkeltpersonføretak. Rekneskapsbransjen er stadig i endring, med auka digitalisering og automatisering. Voss Rekneskap har fokus på å følgje utviklinga, for å tilby kundane våre dei beste løysingane tilpassa deira behov.
Arbeidsoppgåver:
• Rekneskapsføring og avstemming
• Årsoppgjer og rapportering
• Lønshandtering
• Rådgjeving og kundekontakt
Kvalifikasjonar:
• Utdanning innan rekneskap, økonomi eller tilsvarande
• Gjerne erfaring frå rekneskapsarbeid, men me oppmodar også nyutdanna til å søka
• Gode datakunnskapar, gjerne innan rekneskapssystem
• Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
• Positiv og fleksibel med gode samarbeidsevner
Me tilbyr:• Konkurransedyktige vilkår
• Gode utviklingsmoglegheiter
• God opplæring for nyutdanna
• Triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
• Fridom under ansvar
Arbeidsstad: Voss
Tiltreding: Etter avtale
Send søknad og CV til bjarte@vossrekneskap.no innan 20.06.2025 eller ta kontakt med Bjarte Bystøl på telefon 971 41 915 for ein uforpliktande prat.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted