Badevakt i Stryn symjehall
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Badevakt
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 8%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. august
Arbeidsoppgåver
Som badevakt har du ansvar for tilsyn med badegjester i symjehallen samt generelt oppsyn med symjehallen / garderobar. Ansvar for opning og stenging av symjehallen. Arbeid etter arbeidsplan for symjehallen sine opningstider på kveld og helg. Vi har ledig deltidsstilling på 8,45% med arbeid for tida 3.kvar helg, laurdag og søndag. Ekstravakter kan bli aktuelt om du er interessert i å jobbe meir i periodar.
Kvalifikasjonar
Den tilsette må vere symjedyktig samt bestå førstehjelpskurs og symjeprøve som blir arrangert av arbeidsgjevar. Bestått Førstehjelpskurs og symjeprøve er obligatorisk for stillinga.Personlege eigenskapar
Vi søker ein person som er fleksibel og med godt humør. Må vere ansvarleg, kunne jobbe sjølvstendig men også samarbeide med kollegar i teamet.Vi tilbyr
Løn etter tariff
Gode pensjonsordningar
Arbeid i positivt miljø
Tilsetting etter lover og avtaler
Kontaktinformasjon
Kåre Bruvoll Alme , kulturhusleiar, 94277853Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 STRYN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5002729001
Stillingsprosent: 8%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 27.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Kåre Bruvoll Alme
kulturhusleiar
94277853
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db2dc8ea-fd8f-46c3-a61d-c2701ea7465b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8949d06d46974f04971d93f2749ff04e