Lærarstilling for lærar med teiknspråkkompetanse
Ørsta kommune
Myrevegen 59, 6170 Vartdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstilling for lærar med teiknspråkkompetanse
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
I Ørsta kommune er det frå 01.08.2025 ledig ei lærarstilling for lærar med teiknspråkkompetanse. Stillinga vil ha delt tenestestad mellom Vartdal skule (80%) og Vikemarka skule (20%). I framtida kan andre tenestestadar vere aktuelle, alt etter behov i kommunen.
Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.
Vartdal skule er ein 1-10 skule med om lag 90 elevar og om lag 20 tilsette komande skuleår.
Vikemarka skule er ein 1-4 skule med omlag 140 elevar og omlag 25 tilsette komande skuleår.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i Ørsta kommune sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø der elevane si fysiske og psykisk helse står i sentrum
- Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning. Til fleire av lærarstillingane vil det også ligge kontaktlæraroppgåver
- Arbeide systematisk og målretta med grunnleggjande ferdigheiter, i alle fag
- Tett samarbeid med born og føresette
- Delta i nettverksarbeid og skuleutvikling, på kvar einskild skule og mellom skulane i kommunen
- Pedagogisk personale må vere budde på å ta på seg rettleiingsansvar i høve til studentar
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter grunnskulelærarar med teiknspråkkompetanse
- Lærarar med godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse (PPU) saman med teiknspråkkompetanse vil også bli vurdert
- Andre med kometanse i teiknspråk kan også bli vurderte for tilsetting i deltidsstilling
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. I Ørstaskulen nyttar vi nynorsk som målform og kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11
Personlege eigenskapar
- Du har høg relasjonskompetanse
- Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
- Du bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
- Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
- Du kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
- Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysningsorientert
- Du kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team
- Du har profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). I dette legg vi evne til å tileigne seg kunnskapar om og bruke pedagogiske programvare og andre digitale verkty, og korleis bruke desse til det beste for elevane si læring. I Ørstaskulen disponerer alle lærarar og elevar Chromebooks og Google Workspace for Education som hovudverkty
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag der elevane si læring og utvikling står i sentrum
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode pensjonsordningar i SPK for undervisningspersonalet og gode forsikringsordningar i KLP for alle tilsette i Ørsta kommune
Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for elevane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar.
Stillinga er plassert i kap. 4 gr. 2.
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.
Referansar vert nytta, og søkjarane kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Prøvetid på 6 månader.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Yngve Vadstein, Rektor Vartdal skule, 99 28 69 99, yngve.vadstein@orsta.kommune.noBerit Johanne Brunvold, Rektor Vikemarka skule, 41327427, berit.brunvold@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Myrevegen 596170 Vartdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4986376280
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 18.08.2025
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db2bfe03-1153-4de1-83b8-c25eda17fa3d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0a4ef6fefe964ec085694160ee7eac1c