Rektor Åmot skule - 100 % fast
Oppvekst, Vinje kommune
Raulandsvegen 58, 3890 Vinje
Om jobben
- Stillingstittel
- Rektor Åmot skule - 100 % fast
- Oppstart
- 2. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Vil DU vere med å vidareutvikle ein god læringsarena for barn og unge i Vinje?
På Åmot skule treng me ein inspirerande og tydeleg rektor som vil leie arbeidet med å vidareutvikle ein god læringsarena og eit sterkt profesjonelt læringsfellesskap.
Me har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Åmot skule, frå 01.01.2026 eller snarast. Åmot skule ligg i kommunesenteret i Vinje. Me har flott natur med fjellområde, og gode kultur- og friluftslivstilbod.
Åmot skule er ein 1-10 skule, med om lag 160 elevar og 40 tilsette. Me har gode skulebygg og idrettsanlegg med symjehall i umiddelbar nærleik. Alle skular og barnehagar i Vinje kommune er organisert under tenesteområdet oppvekst. Vinjeskulen samarbeider nært og godt under visjonen «positive opplevingar og personleg framgang» med livsmeistring som mål.
Elevane i VInje får servert gratis skulemat kvar dag. Me er med på "Liv og røre" og jobbar målretta med inkludering og godt skulemiljø. Saman med resten av Vinje oppvekst er skulen også med på Læringsmiljøprosjektet pulje 9, i regi av UDIR. Åmot skule har også ansvaret for vaksenopplæringstilbodet for minoritetsspråklege i kommunen.
Som leiar må du vere tydeleg på mål og forventingar. Du må kunne skape gode relasjonar til elevar, tilsette, føresette og andre kompetansemiljø i og utanfor kommunen. Rektor har delegert økonomi-, budsjett- og personalansvar, og rapporterer til assisterande kommunedirektør, som er oppvekstansvarleg i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Leiing av lærings- og utviklingsarbeid i tråd med opplæringslova og Vinje kommunes overordna planer
- Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling (HMS)
- Forvalting og kvalitetsutvikling
- Fullt ansvar for økonomistyring og resultatkontroll, delegert frå kommunedirektør med støtte frå kommunalsjef og økonomiavdeling
- Samspel med elevar, foreldre, andre fagsektorar og nærmiljø
- Tverrfagleg samarbeid om barn og unges oppvekst på tvers av heile oppvekst- og utdanningsområdet
- Deltaking i samarbeidet om å utvikle Vinje oppvekst i kommunens leiargruppe
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning på høgskule- / universitetsnivå
- Ynskjeleg med leiarerfaring og relevant leiarutdanning eller vilje til å ta leiarutdanning i nærmaste framtid
- Opplæringslovas krav og forskrifter om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere oppfylt
Personlege eigenskapar
- Du må vere ein nærverande leiar med god relasjonskompetanse som gjev god støtte og stiller fornuftig høge krav
- Du må ha evne til å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft, innan blant anna inkluderande skulemiljø, ny opplæringslov og fagplanar
- Du må kunne motivere og inspirere til utvikling for både medarbeidarar og skulen som organisasjon og profesjonelt læringsfellesskap
- Du må vere strukturert og målretta og vere god på kommunikasjon og samarbeid med kollegaer, elevar, foreldre, fagforeiningar og ulike leiarnivå i kommunen
- Du må kunne sikre god informasjonsflyt internt og eksternt, og legge til rette for god medverknad
- Du må kunne tileigne deg, og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
Me legg vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Du får vere med på å utforme og vidareutvikle det samla grunnskuletilbodet i Vinje kommune
- Du får ta del i mentorordning, leiarutviklingsprogram og nettverk/skuleleiarmøte med andre skular i kommunen og nabokommunane
- Du får høve til å ta nyttig tilleggsutdanning og kompetansegjevande kurs
- Du får meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- Du får hjelp av gode støttefunksjonar innan økonomi og personal
- Du får gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Du får hjelp til å skaffe husvære
- Gode lokalsamfunn med eit rikt kulturliv
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Løn: kr 982 000,-
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §17-11. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Lever kopi av vitnemål og attestar i samband med intervjuet
Kontaktinformasjon
Anders Sandvik, kommunalsjef oppvekst, 95407593, anders.sandvik@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Raulandsvegen 58
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5037774249
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.01.2026
Sluttdato: 31.12.2035
Søknadsfrist: 19.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db0b39fe-7384-4416-8ba5-a595e9b91671
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
61d54d644e0c41e2a5f2171809301f6c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Åmot skule, Vinje kommune
Sted
Vinje
Arbeidsgiver
Svingen/Reini, Vinje kommune
Sted
Vinje
Lærar - Tilkallingsvikar
Arbeidsgiver
Edland skule, Vinje kommune
Sted
Edland