Vernepleiar - 100 % fast
Svingen/Reini, Vinje kommune
Åmotvegen 2, 3890 Vinje
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar - 100 % fast
- Oppstart
- 1. november 2025
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape trygge og gode tenester for bebuarane våre.
Svingen og Reini er moderne bufellesskap med høvesvis 11 og 4 leilegheiter, og gode fellesareal både inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar i alle aldrar, og med varierande behov for hjelp. Arbeidet vårt handlar om å støtte den enkelte i kvardagslege gjeremål, med respekt og fagleg tryggleik.
Som nytilsett hos oss får du ein mentor som fylgjer deg tett. Du får tid til refleksjon, rettleiing og støtte – slik at du kjem godt i gang og blir trygg i rolla. Dette er ein del av vårt arbeid for å sikre god opplæring og trivsel frå fyrste dag.
Hos oss møter du eit godt arbeidsmiljø og ein positiv gjeng som støttar kvarandre. Me har eit breitt fagleg fokus og jobbar aktivt for å halde oss oppdaterte, slik at bebuarane får eit best mogleg tilbod. Me legg vekt på utvikling, kompetansebygging, tverrfagleg samarbeid og bruk av ny teknologi.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøterapi og oppfylging av psykisk og fysisk helsetilstand hjå bebuarane
- Kontakt med pårørande, verge og ulike samarbeidspartnerar
- Koordinerande funksjon
- Ansvarsvakt
- Utarbeide vedtak etter kap. 9.
- Fylgje opp og evaluere tiltak
- Rettleiing til personalgruppa i faglege spørsmål
- Medikamenthandtering
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar, men andre med relevant høgskuleutdanning kan også søkje
- Ynskeleg med erfaring frå miljøarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B for manuelt gir
Personlege eigenskapar
- Du nyttar fagkunnskapen aktivt i det daglege arbeidet og bidreg til fagleg utvikling gjennom deling og samarbeid.
- Du er fleksibel og har god evne til å planleggje og organisere arbeidet ditt.
- Du tek ansvar, er tydeleg og kan sei ifrå når det trengs.
- Du er engasjert, har godt humør og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
- Du arbeider sjølvstendig, men trivst også med samarbeid i team.
- Du skapar trygge, gode relasjonar med bebuarar, pårørande og kollegaer.
- Du er open for å ta i bruk velferdsteknologi som ein del av tenesteytinga, og ser moglegheiter i digitale løysingar.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Vernepleierar får eit lokalt tillegg på kr 48.000 over gjeldande tariff i 100 % stilling
- Mentorprogram med oppfylging og støtte frå erfaren kollega
- Fagleg rettleiing og kompetanseheving
- Gode velferdsordningar med tilbod om bading i kommunale anlegg
- God forsikrings- og pensjonsordning
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.noArbeidsstad
Åmotvegen 23890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5023281313
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2025
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Hjørdis Ringhus Saupstad
Avdelingsleiar Svingen og Reini
+47 97028218
Om bedriften
Me har ansvar for tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonshemmingar i alle aldrar, med ulike bistandsbehov. Svingen og Reini er moderne bufellesskap med 11 bustadar på Svingen, og 4 bustadar på Reini. Avdelinga har 37 årsverk med ulik fagleg bakgrunn og kompetanse.
- Sektor 
- Offentlig 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 1748be91-5f63-4670-bb9b-62c190fc4d52 
- Sist endret
- 24. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- 5a425e91431f4403b10e8b00e578766f 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Åheim, Tokke kommune
Sted
Dalen
Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune Heimebaserte Tenester
Sted
Kviteseid
Arbeidsgiver
Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune
Sted
Rauland