Helsefagarbeidar - 80% vikariat
Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune
Setali 6 A, 3864 Rauland
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar - 80% vikariat
- Oppstart
- 1. november 2025
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Er du helsefagarbeidar og har lyst til å arbeide i heimetenesta på Rauland?
Heimetenesta i Rauland har ledig eit vikariat som helsefagarbeidar i 80 % stilling for eit år, inne på Rauland omsorgssenter. Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Hjå oss kan du oppleve fine pasientmøte med bebuarar på omsorgssenteret, eller hjå brukarar av heimesjukepleia ute i private heimar. I 2024 blei omsorgssenteret vårt renovert. No har me nyoppussa lokale, og gler oss over ein funksjonell og fin arbeidsplass. Me har også dagsenter to dagar i veka, med ulike tilrettelagde aktivitetar for dei som er heimebuande med kognitiv svikt.Me ynskjer at alle som får hjelp av oss kjenner seg høyrd og ivaretatt. Arbeidsstaben vår består av mange flinke tilsette som samarbeider godt med kvarande, med brukarane og deira pårørande, og tverrfagleg med andre i ulike helseføretak. Me er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt og er opptatt av å kjenne kvarandre, respektere kvarandre og skape gode relasjonar.
Velkomen som søkjar hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre grunnleggande pleie ved akutt eller kronisk sjukdom hjå menneske med sammensatte og komplekse behov
- Sette i gang førebyggande og behandlande tiltak innan eiga ansvars- og kompetanseområde
- Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold om pasienten og kva slags helsehjelp som vert gjeve og kvifor
- Assistere med personlig hygiene, påkledning, forflytning og trening for å oppretthalde brukarane sine funksjonar
- Bruke tilgjengelig velferdsteknologi, som til dømes tryggingsalarmar, lokaliseringsteknologi (GPS) og elektroniske medisindispensarar
- Miljøretta tiltak og aktivitetar
- Utføre fyrstehjelp ved behov
Helsefagarbeidaren skal bidra i folkehelsearbeidet, ved å førebygge einsemd og bidra til god livskvalitet for pasientane og brukarane. I tillegg skal helsefagarbeidaren bidra til at pasientar og brukarar meistrar i kvardagen og legg til rette for eit aktivt liv.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Relevant erfaring innan helse kan vege opp mot kravet om autorisasjon og fagbrev, dette vurderer me særskilt
- Grunna dokumentasjonsplikt vert det stilt krav til gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevne på norsk, minimum nivå B2 (ved behov må dette dokumenterast)
- Søkjarar må ha førarkort klasse B. Du må ha køyreferdigheiter til å handtere fire årstider.
- Lovkrav om politiattest, ikkje eldre enn 3 månadar
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å skape gode og trygge relasjonar
- Du er initiativrik
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig og systematisk
- Du har evne til å bidra prakstisk og fagleg i samarbeid med andre
- Du er interessert i eigen fagutvikling og likar nye utfordringar
- Du er ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du har engasjement, humor og kreativitet
- Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting.
Me tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i eit miljø der me har fokus på eit godt arbeidsmiljø
- Opplæring av kvalifisert personell i teamet du skal arbeide med
- Tett samarbeid med sjukepleiar som støttar tilsette i pasientsaker
- Fagarbeidarløn etter lokal lønstabell med ansiennitet frå 470.800 til 599.300 + tillegg for natt
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hege Rorgemoen, Avdelingsleiar Rauland heimetenester, +47 48210156Arbeidsstad
Setali 6 A3864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5005306338
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.11.2025
Sluttdato: 15.09.2026
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Hege Rorgemoen
Avdelingsleiar Rauland heimetenester
+47 48210156
Om bedriften
Me er ein triveleg gjeng på 28 faste tilsette, med base på Rauland Omsorgssenter. Her driv me heimesjukepleie i private heimar, heimehjelpsteneste, omsorgsssenter og dagsenter. Me verdset eit godt arbeidsmiljø, og ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss.
Som tilsett i heimesjukepleia vil hovudoppgåva vera å samarbeide om å levere kvalitativt gode og føreseielege helse – og omsorgstenester til heimebuande, slik at dei kan bu lengst mogeleg heime.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2555c6d8-46c6-47f0-b911-0b703f48c29f
- Sist endret
22. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ebe3073675894f729ec3e91b85a69b86
Lignende annonser
Sjukepleiar - 100% fast
Arbeidsgiver
Legekontor/legevakt, Vinje kommune
Sted
Vinje
Fastlege- 100% fast
Arbeidsgiver
Legekontor/legevakt, Vinje kommune
Sted
Vinje
Heisfører (ski- og stolheiser)
Arbeidsgiver
Rauland Skisenter
Sted
Rauland