Helsefagarbeider
Bø sjukeheim Jønneberg Vihus
Gamleveg 43, 3802 Bø i Telemark
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider
- Oppstart
- 1. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Bø sjukeheim, avdeling Jønneberg og Vihus, har ledig 100 % stilling som helsefagarbeidar med langvakter kvar 4. helg. I løpet av dei 12,5 timane er det lagt opp til to pausar à tre kvarter. Me har årsturnus der du har moglegheit til å påverke eigen arbeidsplan, noko som skapar forutsigbarhet.
Jønneberg og Vihus er lokalisert i andre etasje på sjukeheimen, som ligg sentralt i Bø sentrum. Me driftar tre avdelingar, der to er langtidsavdelingar og ei er korttidsavdeling. Totalt har me 23 rom.
Me søkjer etter deg som er ansvarsfull, engasjert og som møter alle menneske med respekt. Hos oss jobbar du saman med kollegaer som er imøtekommande og opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Daglig pleie og omsorg av pasientar
- Dokumentasjon i profil
- Legemiddelhåndtering
- Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege
- Oppfølging av lærling eller praksiselev ved behov
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg, minimum B1 nivå
- Erfaring frå eldreomsorg
- Godkjent medisinkurs
- Gjennomført lærlinginstruktørkurs
- God kjennskap til bruk av data som verktøy, jf. dokumentasjonsplikt
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull og fleksibel
- Gode kommunikasjon- og samarbeidevner
- Opptatt av fagleg kvalitet og utvikling
- Du trivst med ein til tider hektisk arbeidskvardag og har evne til å stå i jobben i krevjande periodar
Personlege egenskaper vil tilleggas stor vekt
Vi tilbyr
- Årsturnus
- Kantine
- Fagdagar i turnus
- Gratis parkering
- Internundervisning
- Kurs og moglegheiter for videreutdanning
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Tone Heimdal Veting, Konst. avd. leiar, +47 92255565Arbeidsstad
Gamleveg 433802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5051453036
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 05.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Tone Heimdal Veting
Konst. avd. leiar
+47 92255565
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dad6ae59-8c89-40d6-9de4-0aeb887b5055
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f8a2d3eeaf4f45529fd53055efcd61d9
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bø sjukeheim Jønneberg/Vihus
Sted
Bø i Telemark
Helsefagarbeider, 75% fast
Arbeidsgiver
Notodden kommune Hjemmebaserte tjenester
Sted
Notodden
Helsefagarbeider eller annen relevant helsefaglig bakgrunn
Arbeidsgiver
Notodden kommune Haugmotun omsorgssenter
Sted
Notodden