Sjukepleiar/helsefagarbeidar
Sengepost Kirurgi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Har du lyst til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heilt nye omgjevnader? No har du moglegheita!
Vi søkjer etter sjukepleiar/helsefagarbeidar til kirurgisk sengepost SNR, ved det splitter nye akuttsjukehuset på Hjelset. Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og åpna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landets mest moderne helsebygg. Kirurgisk sengepost har eit breitt spekter av kirurgiske pasientgrupper, og vi er opptatt av tverrfagleg samarbeid, kvalitet og fagleg utvikling.
Vi søkjer etter:
- 1 x 100 % fast stilling fra 01.12.25
- 1 x 100 % vikariat fra 01.12.25 t.o.m. 31.12.26
- 1 x 90 % vikariat fra 01.12.25 t.o.m. 31.12.26
Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar/helsefagarbeidarar som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hos oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling. Når det gjeld turnus har vi langvakter med inntil 12,5 timers arbeidsdag, arbeid kvar 4. helg. Samt vanlege vaktlengder med arbeid kvar 3. helg, dette tilrettelegg vi saman med deg!
Dersom du ønskjer å bli ein del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, da håper vi at du vil søkje på stilling hos oss.
Vi ber om at relevante attester og vitnemål vert lasta opp, og lagt ved søknad og CV.
Interne omrokkeringer kan gi andre ledige stillingsprosentar.
Arbeidsoppgåver
- Heilheitleg sjukepleie og oppfølging av kirurgiske pasientar
- Medikamenthandtering og oppfølging før og etter kirurgi
- Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar, palliativt team og andre faggrupper
- Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både muntleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg med erfaring fra kirurgisk seksjon, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje
Personlege eigenskapar
- Sterkt motivert og løysningsorientert, med evne til å ta ansvar og initiativ til å sørge for optimal pasientbehandling
- Strukturert og serviceinnstilt med gode samarbeidsevner
- Fleksibel og evne til å jobbe i team og vere sjølvstendig
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Anders Nordvik Røstad, Konst. seksjonsleiar, +47 97165121, Anders.Nordvik.Rostad@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5030288201
Stillingsprosent: 100, 90%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dad4cc7a-87d7-434b-b94b-ed0983c9e5ee
- Sist endret
4. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bf0f602c010a4da9a70fd0d2a1b9a73c
Lignende annonser
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
ØNH og kjevekirurgi poliklinikk SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset