Sjukepleiar
Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
 - Sjukepleiar
 - Type ansettelse
 - Fast, deltid 80%
 - Arbeidsspråk
 - Norsk
 - Antall stillinger
 - 1
 - Arbeidssted
 - Hjemmekontor ikke mulig
 
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. november
Er du sjukepleiar med interesse for lunge, fordøying og indremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø? Då søker vi nettopp deg til sengeposten vår på SNR!
Vi har nå ledig ei 80 % fast stilling hos oss. 
Tryggleik, respekt og kvalitet er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet, engasjement og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling vil vere i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette.
Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det. Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. 
Bli med oss på laget!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutte og kroniske sjuke pasientar
 - Sjukepleieadministrative oppgåver
 - Legemiddelhandtering
 - Ivaretaking av pasientane sine behov for heilskapleg omsorg
 - Arbeid i team rundt pasienten
 - Kontinuerleg forbetringsarbeid
 - Rettleiing av studentar og kollegaer
 - Samhandling med kommunar
 
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
 - Meistrar norsk skriftleg og munnleg
 
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og har gode samarbeidsevner
 - Du arbeider både sjølvstendig og i team
 - Du er motivert for å utføre varierte arbeidsoppgåver
 - Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
 - Du er ansvarsbevisst
 - Du er påliteleg og lojal
 - Du er løysingsorientert
 - Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
 
Vi tilbyr
- Eit godt og positivt arbeidsmiljø
 - Dyktige og engasjerte medarbeidarar
 - Spanande og varierte arbeidsoppgåver
 - Faglege utfordringar
 - Fagutvikling og kompetanseheving
 - Fagdagar i turnus 
 - Sterkt tverrfagleg samarbeid
 - Ein inkluderande arbeidsplass
 - Løn etter gjeldande overeinskomstar
 - Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
 
Kontaktinformasjon
Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 HJELSET
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5035657480
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 14.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
 b61f6765-e075-4cf6-aaef-ab2b23ec7b2f
- Sist endret
 4. november 2025
- Hentet fra
 talentech
- Referanse
 4b8140f625e649d78aaa1c245ca2ce39
Lignende annonser
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Sengepost Kirurgi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Hustadvika kommune Hjemmetjenesten
Sted
Elnesvågen