Hopp til innhold

Skipsførar i sambandet Halsa-Kanestraum, p.t. MF Korsfjord

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

6674 Kvisvik, 6680 Halsanaustan

Om jobben

Stillingstittel
Skipsførar i sambandet Halsa-Kanestraum, p.t. MF Korsfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. juli

Fjord1 har ledig stilling som skipsførar i sambandet Halsa - Kanestraum, p.t. MF Korsfjord

Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle for å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land. 

Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.                             

Skiftordning - 12/9 rotasjon med døgnvakt, søkjar bør bu lokalt.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Arbeidsoppgåver

Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Skiftordning:12/9 rotasjon med døgnvakt
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!Lønn vert gitt etter overenskomst mellom

Kontaktinformasjon

Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518

Arbeidsstad


6674 Tingvoll Municipality

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5150817715
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Jill Mari Juberg

Rekrutteringsmedarbeider

+47 +4794082518

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dac28024-bbd8-49b0-91c8-180f217f8b09

Sist endret

29. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

13672be6825846f7a343a120e7a412d5

Lignende annonser

Laster lignende annonser