Barne og ungdomsbibliotekar
Kultur, Stad kommune
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne og ungdomsbibliotekar
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. april
Stad kommune har ledig 70% fast stilling som barne- og ungdomsbibliotekar med oppstart 01.08.2025.
Stad bibliotek består av hovudbibliotek på Nordfjordeid, avdeling i Selje og filial på Leikanger. Hovudbiblioteket er samlokalisert med Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule, og er eit kombinasjonsbibliotek beståande av folkebibliotek og skuleboksamling for Eid VGS.
Arbeidsoppgåver
Som bibliotekar ved Stad bibliotek inngår du i eit kollegie som saman skal utvikle bibliotektenestene i Stad kommune, oppfylle biblioteklova sine krav og skape leseglede og gode møteplassar.
- du er ein del av den daglege drifta og utfører bibliotekfagleg arbeide i avdelinga, med særskilt ansvar for barn og ungdom
- du har ansvar for formidling til born og unge 0-19 år, både i og utanfor biblioteket
- du skal jobbe for å skape leselyst og leseglede blant barn og unge
- du har ansvar for kontakt med skular, barnehagar, helsestasjon, mfl
- du tek del i planlegging og gjennomføring av aktivitetar, arrangement og utstillingar
- du bidreg til å skape ein trygg og god møteplass for born og unge, med varierte aktivitetar
- du formidlar både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
- du er ein del av skrankevaktturnusen
- reising til skular, barnehagar, avdelingar og filialar må påreknast
- Stad bibliotek er ein dynamisk arena, og andre arbeidsoppgåver kan kome til ved behov
Kvalifikasjonar
Utdanning:
- Erfaring frå biblioteks- og/eller formidlingsarbeid er ein fordel
- God kjennskap til og interesse for barne- og ungdomslitteratur er ein fordel
- Gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
- Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Erfaring med arrangementsavvikling er ein fordel
- Erfaring med marknadsføring og sosiale medium er ein fordel
- Du må ha gode IT-kunnskapar
- Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv og raus lagspelar
- Du er utadvendt og serviceinnstilt
- Du har gode litteraturkunnskapar og formidlingsevner
- Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
- Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
- Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt
- Du er utviklingsorientert og endringsvillig
- Personleg egnethet vektleggast
Vi tilbyr
- Eit bibliotek i utvikling
- Eit aktivt kulturkollegie med operahus, kino, kulturskule, frivilligsentralar og kulturarv
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing.
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Janne Mari Hjelle, fagleiar bibliotek, 97096997, janne.mari.hjelle@stad.kommune.noGeir Holmen, einingsleiar kultur, +47 90 77 99 33, geirholmen@operahuset.no
Arbeidsstad
Sophus Lie-vegen 36770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4935768860
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2890176
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2819901157ce423e9e01115b4e08449b