Overstyrmann i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Nordfjordvegen 6003, 6777 Stårheim
Om jobben
Stillingstittel
Overstyrmann i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje
Antall stillinger
1
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Ein av våre styrmenn skal søkje nye utfordringar- vi har såleis ledig overstyrmann stilling i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje.
Søkar bør bu innan ein times reiseveg.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Minimum D3 sertifikat
- ROC/GMDSS sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Nordisk språk skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnskift, 2 veker på, 1 veke av, 2 veker på, 3 veker av
Kontaktinformasjon
Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, 95700962Arbeidsstad
Nordfjordvegen 60036777 Stårheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4667410003
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2023
Om bedriften
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2346134
- Hentet fra
talentech
- Referanse
61605949e97142c4accb16804c8b1106