Musikalsk leiar med et hjerte for kyrkjelydsarbeid
Strand Kyrkjelege Fellesråd
Strand
Om jobben
Det er ledig stilling som
Musikalsk leiar 100 % fast stilling i Strand kyrkjeleg Fellesråd med hovudteneste i Jørpeland sokn. Arbeidsbeskrivelsen vil delvis bli utforma i samarbeid med den som ansettes.
Stillingstittel
Kirkemusiker
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Personlege kvalifikasjoner og fleksibilitet samt evne og vilje til å arbeide i team er svært viktig og vil bli vektlagt.
Me søker etter ein person som er interessert i å ivareta, styrke og utvikla det musikalske livet i kyrkja. Det er ønskeleg med interesse og kompetanse innen oppstart og drift av kor, gjerne barnekor, samspel/band og arbeid med barn og unge.
Me søkjer ein person som:
Har relevant utdanning eller erfaring innan musikk.
Er personleg eigna til stillinga.
Meistrar skriftleg og munnleg norsk
Er medlem i Den norske kyrkja
Tiltreding ønskes helst: 01.08.2024.
Politiattest må leggjast fram ved tilsetting.
Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting.
For meir opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Øystein Marton Lode. Sentralbord tlf: 5174 1130
Søknad elektronisk på e-post til kyrkja@strand.kommune.no
Arbeidsoppgaver
Stillinga medfører hovudansvar for Jørpeland sokn, og kontorplass i Jørpeland kyrkje - men verkeområde i heile fellesrådsområdet.
Me søkjer ein kreativ og allsidig musikar som, har interesse for kyrkjelydsarbeid og god evne til samarbeid.
Stillinga omfattar m.a.:
Fagleg og musikalsk planlegging og bidrag ved gudstenester, gravferd og vigsler og andre kyrkjelege arrangement.
Korarbeid, forsangergrupper/band og anna musikkrelatert arbeid opp mot ulike aldersgrupper.
Medverknad til å utvikle eit variert song- og musikkliv i kyrkjelyden.
Vi tilbyr
Arbeid i ein flott stab og et vakkert område.
Strand ligg i Ryfylke, aust for Stavanger. Jørpeland er kommunesentrum med ca 7.000 innbyggarar og har bystatus. Det er over 13.500 innbyggarar i heile kommunen.
Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv. Me har vakker natur med fjell og fjord. Det tar ca. 25.min å køyre til Stavanger.
Det er 2 sokn og 3 kyrkjer i Strand kommune - Jørpeland kyrkje (1969) med elektronisk Allen-orgel (2000) - og flygel. Strand kyrkje (1874) med pipeorgel frå 1989 med 15 stemmer - og piano og Tau kyrkje (2021) med flygel.
Det er 14 tilsette, medrekna 2 organist / musikalsk leiar til saman i begge sokn.
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.
Om bedriften
Strand Kyrkjelege Fellesråd har ansvar for dei ansatte og for å legga til rette for gode rammer for dei to sokna.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2669655
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
da83ad5f-257f-423f-8705-e82e6bed295a