ID 2365 Reinhaldsoperatør - Tekniske tenester
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldar, reinhaldsoperatør, fagarbeidar reinhald
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, deltid 90%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Me er ei stor reinhaldsgruppe med om lag 40 tilsette med ulik bakgrunn og frå fleire kulturar. Me spelar kvarandre gode, og arbeider saman for å skapa ein trygg og triveleg kvardag for alle, også brukarar av kommunale bygg.
Reinhaldsgruppa har ansvar for dagleg og periodisk reinhald i mellom anna skular, barnehagar, helse- og omsorgsbygg, idrettsanlegg og kontorbygg. Arbeidstida startar kl. 06.00, og det er gode moglegheiter for full stilling på sikt. Me ønskjer at du kan bruke eigen bil i tenesta, noko som gir fleksibilitet og betre flyt i kvardagen.
Me nyttar også maskinelt reinhald, noko som reduserer slitasjeskadar og betrar ergonomien for dei tilsette -- og reinhaldskvaliteten. I tillegg har me innført elektroniske arbeidsplanar som gir struktur og oversikt, samt kommunikasjon i høve driftsavvik og forbetringstiltak internt i eininga.
Me er ei eining i stadig utvikling, med fokus på effektivitet og kostnadsmedvit -- utan at det går utover arbeidsmiljø eller kvardagen til våre tilsette.
Me har ledig ei fast 90% stilling som reinhaldsoperatør. Arbeidsoppgåver:-
Dagleg og periodisk reinhald etter NS-INSTA 800-standarden
-
Bruk av maskinelt reinhaldsutstyr
-
Samarbeid og dialog med kollegaer og brukarar
-
Bidra til godt inne-miljø og høg trivsel i kommunale bygg
-
Fagbrev innan reinhald er ønskjeleg, men relevant praksis kan kompensere
-
Førarkort klasse B og vilje til å bruke eigen bil i tenesta
-
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
-
Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
-
Strukturert, påliteleg og løysingsorientert
-
Opplæring og god oppfølging gjennom fadderordning
-
Eit godt, inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
-
Tilgang til velferdsklubb med leilegheiter i Røldal og hytte ved sjøen
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande kommunalt avtaleverk
-
Moglegheit for avtale om bruk av eigen bil i tenesta
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
da7fb074-eb29-4867-95ff-efd5b1cd8097
- Sist endret
6. oktober 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
da7fb074-eb29-4867-95ff-efd5b1cd8097
Lignende annonser
Tilsynsvakt
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Servicemedarbeider
Arbeidsgiver
TOMA Facility Norge
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Sted
Lonevåg
Reinhald
Arbeidsgiver
Solund kommune Helse og omsorg
Sted
Hardbakke