Avdelingssjef, radiologi SNR (Nordmøre og Romsdal), Helse Møre og Romsdal HF
KLINIKK FOR DIAGNOSTIKK, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingssjef, radiologi SNR (Nordmøre og Romsdal), Helse Møre og Romsdal HF
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 31. juli
Vil du vere med og forme framtidas helsetenester saman med oss i Helse Møre og Romsdal?
Vi søkjer ein framtidsretta og tydeleg leiar til ei spennande stilling som avdelingssjef ved Avdeling for radiologi SNR, Klinikk for diagnostikk. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å påverke utviklinga av diagnostikktenestene i eit høgteknologisk, innovativt og dynamisk miljø.
Om stillinga
Som avdelingssjef vil du leie eit team av dyktige radiologar, LIS-legar, radiografar og merkantilt personell som jobbar i eit høgteknologisk og innovativt miljø, med tett samarbeid internt i sjukehuset og med primærhelsetenesta. Samstundes får du ein sentral rolle i klinikken sitt leiarteam og blir ein viktig bidragsytar til strategisk utvikling på tvers av fagområde.
Avdelingssjef radiologi SNR har personalansvar for fire seksjonsleiarar og skal saman med leiarteamet sikre diagnostikktenester av høg kvalitet og gode rammevilkår for tilsette.
Avdelinga har over 80 heimlar, eit budsjett på omlag 110 millionar kroner, og er lokalisert med 24/7-teneste på Hjelset og dagtilbod i Kristiansund. Vi har tre tverrfaglege seksjonar – merkantil, radiograf og lege – og eit solid samarbeid i leiargruppa. Klinikk for diagnostikk er organisert på tvers med einingar på alle fire sjukehusa i fylket og består av fem avdelingar. Disse er Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Avdeling for radiologi Nordmøre og Romsdal, Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank og Avdeling for medisinsk mikrobiologi.
Du vil få påverknadskraft, høve til å drive innovasjon og moglegheit til å utvikle deg vidare som leiar. I tillegg får du vere med og levere helsetenester som gjer ein reell forskjell for pasientane våre – kvar dag.
Vil du vere med på vinnarlaget for å skape helsetenester for våre pasientar i eit spanande miljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Oppstartsdato: Medio november/etter avtale. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Overordna leiaransvar for avdelinga: fag, drift, økonomi, personal og HMS
- Lede og vidareutvikle avdelinga i tråd med strategiar og mål
- Samarbeide tett med andre avdelingar og eksterne aktørar
- Bidra til godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling
- Rekruttering og oppfølging av medarbeidarar og leiarar
- Aktiv deltaking i leiargruppa for Klinikk for diagnostikk
- Noko reiseverksemd må påreknast mellom Hjelset, Kristiansund og dei andre sjukehusa i fylket
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Leiarerfaring og gjerne leiarutdanning. Dersom du ikkje har formell leiarutdanning, forventar vi at du tek dette innan tre år
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
- Kompetanse og interesse for endringsleiing, organisasjonsutvikling og innovasjon
Personlege eigenskapar
- Engasjert, framtidsretta og motivert
- Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- Evne til å motivere og leie gjennom andre
- Gode samarbeidsevner og evne til å byggje sterke team
- Strukturert, løysingsorientert og med god gjennomføringsevne
- Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
- Innovativ, teknologisk interessert og utviklingsorientert
- Høg arbeidskapasitet og toler hektiske periodar godt
Personlege eigenskapar og leiareigenskapar vil bli sterkt vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse
- Spanande leiarrolle i ei utviklingsorientert verksemd
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomstar
- Gode pensjonsordningar
Møre og Romsdal
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal.
Kontaktinformasjon
Per Erik Tødenes, Klinikksjef, +47 70 10 50 00, per.erik.todenes@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4954091963
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2922974
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b15e5c990df488e882c466a5647bd81