Sjukepleiar 100% fast
Heimetenesta avdeling Edland, Vinje kommune
Storegutvegen 217, 3895 Edland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Heimetenesta Edland/Haukeli søkjer etter ny medarbeidar. Me er ein gjeng med 28 trivelege og fagleg dyktige kollegaer som held til ved Norheimstunet omsorgssenter. Me verdset eit godt arbeidsmiljø, og ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss.
Stillinga er inne på omsorgssenteret og ute i heimejsukepleia, i to-delt turnus med arbeid tredje kvar helg. Det blir jobba med arbeidstidsordninger og etter planen er det årsturnus frå våren 2026.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilhetleg sjukepleie til brukarar, i henhald til gjeldande retningslinjer og lovverk.
- Samarbeid med ulike fagpersonar og pårørande, for å levere kvalitativt gode og føreseielege helse- og omsorgstenester til brukarar.
- Handtere og administrere legemiddel i tråd med gjeldande forskrifter og prosedyrer.
- Kartlegge og ivareta brukar sin helsetilstand og behov for helsehjelp.
- Bidra til datasamling og funksjonsvurdering for å sikre god oppfylging av den enkelte bebuar/pasient i tråd med behov
- Delta i utvikling av eigen arbeidsplass, samt delta i fagleg rettleiing, internundervsining og opplæring i høve kollegaer/studentar og bebuar/pasient.
- Utføre medisinske prosedyrer som td. legemiddelhandtering, sårstell, kateterisering og palliasjon.
- Ivareta pasientsikkerheit og bidra til eit godt og inkulderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Andre med bachelor i helsefag kan også søke
- Førarkort klasse B - du må ha køyreferdigheitar til å handtere fire årstider
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, minimum nivå B2.
- Ynskjeleg med erfaring frå heimetenesta og/eller institusjon.
Lovkrav om politiattest(ikkje eldre enn 3mnd).
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø for alle
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som skapar gode relasjonar med brukarar, pårørande og kollegaer
- Du tek eigarskap til oppgåver og fylgjer opp brukarar, og prosedyrer på ein trygg og påliteleg måte.
- Du er løysingsorientert og trivst med varierte oppgåver
- Du har evne til å tilpasse deg varierte og utforutsigbare situasjonar
- Du er fleksibel i handtering av endra arbeidsoppgåver, brukar sine behov og rutiner
- Du kan arbeide godt sjølvstendig, og i samarbeid med andre
- Du viser initiativ, er strukturert og engasjert ved utføring av arbeidsoppgåver
- Du er ein stabil arbeidstakar.
- Du har erfaring og/eller interesse for velferdsteknologi.
- Du ser di sjukepleiarrolle i samspel med andre kollegaer i heimetenesta
Me tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Løn etter lokal tariff
- Gode læringsmiljø med gode kollegaer
- Opplæring og rettleiing i tenesta
- Mykje humor og glede
Ved interne rokkeringar, tilset me også i desse.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Kopi av vitnemål og attestar må takast med til intervju.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Arnhild Romtveit, Avdelingsleiar, heimetenestene i øvre Vinje, 47640276, arnhild.romtveit@vinje.kommune.noArbeidsstad
Storegutvegen 2173895 Edland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4985618805
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Arnhild Romtveit
Avdelingsleiar, heimetenestene i øvre Vinje
47640276
Om bedriften
Heimetenesta i Øvre omfattar Norheimstunet omsorgssenter, som er eit butilbod med tilrettelegging for personar som har nedsett funksjonsevne. Norheimstunet er eit triveleg tun, som ligg sentralt til i Haukeli. Omsorgssenteret har 11 bebuarrom inne på Norheimstunet som er døgnbemanna, samt 4 frittståande omsorgsbustader ute på tunet. Me er no i ein ombyggingsprosess, og den eine frittståande bustaden blir rive. Sommaren 2026 skal me ha fått 6 nye bustadar i eit tilbygg til Norheimstunet. Så antall bebuarrom blir 17.
Omsorgssenteret er base for alle heimebaserte tenester i Øvre Vinje, og heimehjelpstenesta i Øvre. Distriktet omfattar Edland, Vågslid, Arabygdi og ned til Smørklepp.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
da79f528-ff21-4bd6-be75-b48158f15f8e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
327c7552ecb043b3bbfee3030fb36983