Hopp til innhold

Helsesekretær og sekretær - faste stillingar

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Helsesekretær og sekretær til faste stillingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 23. august

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.

Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:


Kvalifikasjonar (overskrift)

Barne- og ungdomsklinikken BUK-kontor er ein eining med 17 årsverk fordelt på 22 tilsette. Eininga er organisert i team, inndelt etter fagseksjonar, og arbeidet blir utført gjennom rullering mellom ulike arbeidsstasjonar. Arbeidsstasjonane omfattar mottak for barn og unge, resepsjon (bemanna i samarbeid med KK), telefonbetening, inntaksdagar med planlegging og innkalling av pasientar, måle- og vektstasjon samt beinmargsutstryk.

I tillegg bemannar eininga tre sengepostar med postsekretærar. Denne stillinga inngår ikkje i den ordinære rulleringsordninga. 

Eininga har 2-delt turnus i mottaket for barn og unge og i resepsjonen i Glassblokkene, som bemannast i samarbeid med KK. Turnusen omfattar dag- og kveldsvakt, og arbeid på helgar og heilagdagar må påreknast. 2-delt turnus (vakter: 07:00-1430, 08:00-15:30, 11:30 - 19:00, 10:00 - 18:00, 15:30 - 22:30).

Arbeidsoppgåver vil vere beinmargsutstryk, måling og veging av barn/ungdom før legekonsultasjon.

Kontakt: Sissel Iversen, Tlf. 40833399


Nevroklinikken
består av Nevrologisk avdeling, Nevrokirurgisk avdeling, Avdeling for Klinisk nevrofysiologi, Logopedtenesta og Neuro-SysMed. Klinikken tar årleg imot nær 8000 pasientar for innlegging og om lag 18.000 pasientar for poliklinisk konsultasjon. Ved Nevrokirurgisk avdeling blir det utført omkring 1200 inngrep kvart år, av dei over 370 behandlingar i Strålekniv (gammakniv). Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene ved Nevroklinikken, og vi har eit av dei største forskingsmiljøa ved Haukeland universitetssjukehus. Merkantil teneste i Nevropoliklinikken utfører eit breitt spekter av oppgåver for dei ulike einingane i klinikken. Vi har nå ledig 100% fast stilling som sekretær/helsesekretær med oppgåver knytt til poliklinikk og sengepost ved Nevrologisk avdeling. Det må påreknast å utføre oppgåver elles i klinikken ved behov.

Arbeidsoppgåver vil vere pasientadministrative oppgåver, telefon/resepsjonsteneste, bestilling av transport/overnatting/tolk med meir, økonomisk oppgjer, yte service til pasientar, pårørande og kollegaer og andre oppgåver i klinikken ved behov.

Vi ser etter ein medarbeidar som er målretta, strukturert og sjølvstendig, du trivst i eit tverrfagleg miljø, du er fleksibel og likar varierte utfordringar, du meistrar høgt arbeidstempo og har god evne til å prioritere, du er profesjonell og empatisk i møte med pasient og pårørande, du likar å arbeide i team, du har evne til omstilling og du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. 

Kontakt: Mette Myhre, Tlf 55978230

Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling 
  • Pasientadministrative oppgåver
  • Telefon/resepsjonsteneste
  • Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
  • Økonomisk oppgjer
  • Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
  • Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr/transport/tolk
  • Ved Avdeling for medisinsk genetikk bistår sekretærane mellom anna med blodprøvetaking, mottak og registrering av pasientprøver, og tegning av slektstre

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
  • Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
  • Du må ha gode IKT-kunnskapar
  • Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
  • Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • Nøyaktigheit
  • Serviceinnstilling
  • Fleksibel og evne til å ta utfordringar
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga
Sigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, 90740524

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5160964706
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Sigrun Hoem Evensen

Seksjonsleiar Bemanningssenteret

90740524

Sjå kontaktperson

oppgitt for den enkelte avdelinga

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

da662195-75d7-40b7-a131-6d53f577c93d

Sist endret

6. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e40d59c327e048b99de702c89550e740

Lignende annonser

Laster lignende annonser