Hopp til innhold

35% prosjektstilling som dans/teater lærar ved Ullensvang kulturskule

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Kulturskulen

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Prosjekt, deltid 35%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Utlysing av 35% prosjektstilling som lærar i dans / teater - Ullensvang kulturskole

 

Ullensvang kulturskule er ein veldriven kulturskule med om lag 320 elevplassar  innan musikk, dans, drama og visuelle kunstfag. 

Kulturskulen har eit nært samarbeid med det frivillige kulturlivet i kommunen.  Undervisninga er desentralisert til fleire lokasjonar. 

 

Ullensvang kulturskule søkjer lærar innan teater/dans for ein 2-årig prosjektperiode frå og med 1.august 2026. 


Ullensvang kulturskule søkjer ein dyktig lærar innan faga teater/dans som liker å jobbe med både barn og vaksne. Stillinga er eit to-årig prosjekt med moglegheit for forlenging. 


Det er ønske om høgskuleutdanning innan faget inkludert PPU. 

● Søkjaren må vere engasjert og initiativrik og må kommunisere godt med både born og vaksne. 

● Søkjaren kan ha hovudkompetanse innen teater eller dans. Begge fagområde kan bli vurdert 

● Søkjaren må vere innstilt på å bygge opp faget i to avdelingar i kommunen ● Søkjaran må ha sertifikat og disponere bil. 

● Det er ønskeleg med god digital kompetanse 


Arbeidsoppgåver: 

● Undervisning av kulturskuleelevar i gruppe 

● Tverrfagleg prosjektarbeid og medverknad med produksjonsutviklilng i kulturskulen 

● Ønske om deltaking i innovative samarbeidsprosjekt mellom kulturskule/grunnskule 

 

Me tilbyr: 

● Gode vilkår for fagleg utvikling

● Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø 

● Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

● Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Eldbjørg Furholt

+47 97558452

eldbjorg.furholt@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

da45c476-9bed-46be-bf72-100b473eaf68

Sist endret

11. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3605043_194009_nn

Lignende annonser