Driftsteknikar
Fjord kommune
Olavsgata 10, 6210 Valldal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftsteknikar Fjord kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Fjord kommune søkjer etter 1 driftsteknikar som eig yrkesstoltheit og ønskjer å bidra i Fjord kommune si tekniske eining. Stillinga vil ha oppmøtestad i Valldal.
Den tilsette i stillinga vil bli ein del av driftsteamet, som består av driftsteknikarar og driftsoperatørar som deler ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunens bygg- og eigedomsmasse, kommunale vegnett, samt vatn- og avlaupsanlegg. Stillinga vil hovudsakleg innebere drift og vedlikehald av bygningsmasse, men kandidatar med kompetanse innan dei andre ansvarsområda (VVA) vert oppmoda til å søkje.
Vi søkjer etter ein positiv, løysingsorientert og fagleg engasjert person som kan bidra med eigen kompetanse og styrke vårt team. Samarbeid på tvers av ulike ansvarsområde er viktig for å sikre effektive løysingar på oppgåvene.
Det er ynskjeleg at den tilsette kan gå inn i teknisk vakt, og det er ein fordel om ein kan vere ein del av brannvernet til kommunen. Kompetanse innan elektro vert sett på som ein fordel.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk drift av kommunale bygg
- Internkontroll
- Energioppfølging
- Vedlikehald av kommunale bygg invendig og utvendig
- Eventuelt inngå i vaktordning for Fjord kommune
Kvalifikasjonar
- Primært fagbrev innen håndverksfag/byggfag, eventuelt anleggsfag
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for eventuelt manglande fagbrev
- God økonomisk forståing
- Digital kompetanse
- Førarkort klasse B
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Ønskeleg med kjennskap til lovverk knytt til bygningsdrift
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide systematisk og strukturert
- Evne og vilje til samarbeid
- Er ansvarsfull
- God gjennomføringsevne
- Godt humør
Vi tilbyr
- Spanande, variert og utfordrande arbeidsoppgåver i eit erfarent og tverrfagleg fagmiljø
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Pensjonsordning i KLP
Kontaktinformasjon
Kornelija waagan, Ingeniør - Byggdrift og VVAR, +47 41867905Arbeidsstad
Olavsgata 106210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 4959511349
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2025
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2922731
- Hentet fra
talentech
- Referanse
541ac978fad1438bb88a57b15772ab0f