Sjukepleiar med sans for kirurgi og medisin?
Kirurgisk og medisinsk post Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Som sjukepleiar hos oss får du jobba med både medisinske og kirurgiske pasientar. Du vil delta i dagbehandling, samarbeide tett i tverrfaglege team og bidra til undervisning, opplæring og fagleg utvikling – både for deg sjølv og andre. I tillegg får du vere med på å forbetre og utvikle avdelinga vidare. Hos oss finn du støttande kollegaer med ein lett tone med mykje godt humør – og alltid rom for spørsmål. Me har både fag og fellesskap i fokus.
Livet utanfor jobben - vi gjer det enklare for deg:- Hjelper til bustad. Du treng ikkje stresse med bustad – me hjelper deg med å finne ein stad du kan kalle heime 🏠
- Årsplanen, den tilpasser vi etter dine ønskjer, slik at du får ein god balanse mellom jobb og fritid 👩👧👦
- Fantastiske fritidsmuligheiter 🌄 Vi ønskjer at du skal trivast både på jobb og i fritida!
Hardangerfjorden og Odda byr på spektakulære naturopplevingar året rundt – sjå meir her: Hardangerfjord – Opplevingar i Odda.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til medisinske og kirurgiske pasientar
- Dagbehandling av pasientar
- Bidra med internundervisning
- Veileding og opplæring av studentar og nytilsette
- Samarbeide med andre profesjonar og avdelingar
- Arbeid i tverrfaglege team
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring med medisinske og kirurgiske pasientar
- Gode IKT kunnskapar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- behandlar pasienten med respekt og omtanke
- trives i en variert arbeidskvardag
- tilpasser deg nye situasjonar med letthet
- er flink til å kommunisere og skape god dialog med andre
- er løysingsorientert og ansvarsbevisst
- har fokus på høg fagleg kvalitet
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- hjelp med bustad, oppgje i søknaden dersom det er ynskjeleg
- ønskjeturnus/årsarbeidsplan
- eget opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
- konkurransedyktig pensjonsordning.
- ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, +47 40518183Arbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 ODDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4914630616
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.02.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2849316
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ac16324e63c84310bc9e8442353ae934