Sjukepleiar 100 % vikariat, organisert i sjukepleiestab
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % vikariat, organisert i sjukepleiestab
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. april
Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar p.t ved Sykkylven Bu og aktivitetssenter ( BUAS), frå ca juni 2025 - august 2026.
Stillinga er todelt da eininga omstiller organisering av 8 sjukepleiarar. Det er 60 % av stillinga som er i stab og yte tenester til alle avdelingar. Resterande 40 % av stillinga er knytt til heildøgnsomsorg sone 1.
Det er turnusarbeid med dag/kveld, langvakter på 12.5 timar og arbeid kvar 4. helg. Helga og langvaktene er knytt til stabfunksjonen.
Dette er ny organisasjonsform for oss, og du kan vere med å påverke etablering og utviklinga av denne tenesta.
På Buas er det totalt 60 plassar fordelt på 4 avdelingar. Det er 2 avdelingar for demente, 2 avdelingar med heildøgns omsorg (leiligheter)der det også er nokre langtids institusjonsplassar. På omsorgssenteret er det også korttidsrehab avdeling og 1 KAD plass som er organisert under heimetenestene.
Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingar bli ledige.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
- Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
- Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande
- Stabfunksjonen skal sikre sjukepleiekompetanse til alle pasientane i eininga. Nokre oppgåver vert satt i system, noko kan bli akuttoppdrag.
- Kvalitetsarbeid ved opplæring og kompetanseheving av assistentar og nytilsette, sikre ajourhald av pasientjournalar, kartleggingar, palliasjon, samtale med pårørande-/pårørandestøtte m.m. Yte tenester der det er behov i dei ulike avdelingane
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
- Gjerne erfaring frå veileding og kvalitetsutvikling
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vere strukturert og løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Vise fagleg engasjement
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Rekrutteringstillegg til nytilsette
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Lillian Urtegård, avdelingsleiar, +4792216316, lillian.urtegard@sykkylven.kommune.noWenche Oldeide, Einingsleiar, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 166230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4928532409
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2892885
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e8568c1631ef46658e3868648a97c867