Elektrikarar med og utan fagbrev
Ulstein Elektro Installasjon AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Elektrikarar med og utan fagbrev
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
10
Vil du jobbe med elektroinstallasjon i eit engasjert team?
Skipsbyggingsområdet, som Ulstein Elektro Installasjon er ein del av, er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire operatørar og hjelpearbeidarar i teamtet vårt.
Vi er på jakt etter deg med interesse for elektroinstallasjon innan skipsindustrien. Hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver og vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg.
Personleg utvikling er viktig for trivesel, så om du ikkje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje.
Korleis er det å jobbe i Ulstein Elektro Installasjon?
Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spanande og utfordrande oppgåver som skal løysast og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak foregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, påliteligheit og leveringspresisjon
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere variert innstallasjonsarbeid ombord på skip.
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
Dei fleste av våre tilsette har fagbrev som elektrikar. Mange av arbeidsoppgåvene våre krev også at du har praktisk og teknisk forståing, og det vil vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.
Lagånd står sterkt i Ulstein, og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Elektro Installasjon byr på variert jobb, gode kollega og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette.
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane
Kontaktinformasjon
Atle Moldskred, Department Manager Production , +47 47021540Dagbjørn Myklebust, Head of Administration, +47 90545468
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon ASReferansenr.: 4732064138
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.01.2024
Om bedriften
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2487326
- Hentet fra
talentech
- Referanse
31e4f96cfa7b4e51bcb68feb6c691eda