Tannlege med fleksibel arbeidstid
Askvoll klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Askvollvegen 395, 6980 Askvoll, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. april
Vi kan tilby:
- flesibel arbeidstid der du kan jobbe deg inn arbeidstid og ta lenger periodar med fri vil bli vurdert.
- mogelegheit for ambulering til ambuleringsklinikk med gode økonomiske vilkår.
- eit rekrutteringstillegg på 50 000 kr i året i tillegg til vanleg lønn.
Askvoll klinikkområde består av Askvoll og Hyllestad tannklinikk, og Hardbakke ambuleringsklinikk. Desse klinikkane har eit tett samarbeid.
Askvoll tannklinikk er ein klinikk for 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Hyllestad tannklinikk har 1 tannlege, 1 tannpleiar og 1 tannhelsesekretær. På Hardbakke tannklinikk er det ingen fast bemanning, men personal frå Hyllestad eller Askvoll ambulerer etter behov. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode moglegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldersgrupper, også mange vaksne pasientar fordi det er lite private tannklinikkar i området.
Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane, like nord for Bergen, og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Askvoll byr på alt det Fjord Noreg er kjent for, og strekkjer seg frå høge fjell i øst, til det vestlegaste bufaste øysamfunnet, Bulandet, i vest. Folket i Askvoll lever tett på naturen og elementa. Lyset er skiftande og vakkert, og solnedgangane magiske, heile året.
Hyllestad kommune ligg på nordsida av Sognefjorden like nord for Bergen, ytterst mot havet på fastlandet. Det er ei nydeleg utsikt over fjord og hav, og innover dei mektige fjella. Hyllestad er ein liten kommune, som tilbyr bl.a. rimelege barnehageprisar og bustadtilskot til førstegongsetablerarar. Det er eit lite lokalsamfunn som tar vare på kvarandre. Ønskjer du å oppleve eit eventyr utanfor storbyen, kan dette vere plassen for deg!
Hyllestad kommune
Bustadtilskot
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- fleksibel arbeidstid der ein kan ha lenger friperiodar etter avtale
- ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, dialog og oppfølging frå klinikkleiar og kollegaer
- løn etter avtale med ei minsteløn på 640 000 kr
- rekrutteringstillegg på 50 000 kr som eit tillegg til vanleg årslønn
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort. HPR-nummer leggast ved søknaden. Det er ein fordel å ha sertifikat på bil.
Kontaktinformasjon
Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57 63 80 10, elisabet.skrede@vlfk.noArbeidsstad
Askvollvegen 3956980 Askvoll
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4949881584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2916350
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a82f413288134714867fd093b3754c17