Hopp til innhold

Ledig 100% fast stilling som rektor på Brakanes skule

Arbeidsgiver

Ulvik Herad Oppvekst

Sted

Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik

Om jobben

Stillingstittel
Rektor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 2. desember

Vil du vere med og løfte skulen vår?

Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor

Har du eit sterkt engasjement for barn og unge? Er du ein tydeleg og trygg leiar som skaper tillit, engasjement og retning? Brenn du for læring, inkludering og gode fellesskap?

Då kan du vere den nye rektoren vår!

Skulen har om lag 125 elevar frå 1.–10. trinn. Me ønskjer å vere ein skule der alle elevar opplever tryggleik, tilhøyrsle, meistring og læringsglede.

Me har ambisjonar for skulen vår! Framover vil me særleg styrkje arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø og løfte elevane sine grunnleggjande ferdigheiter, med særleg vekt på lesing og rekning. Me søkjer ein rektor som kan samle medarbeidarane om ei felles retning og leie dette utviklingsarbeidet med engasjement og gjennomføringskraft.

Arbeidsoppgåver

Som rektor har du det overordna ansvaret for pedagogisk leiing, personalleiing og drift av skulen. Sentrale oppgåver er å:

  • leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og styrkje elevane sitt læringsutbyte
  • bruke elevresultat aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid
  • leie arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø
  • vidareutvikle tilpassa opplæring, tidleg innsats og spesialpedagogisk tilrettelegging
  • byggje eit sterkt profesjonsfellesskap og utvikle medarbeidarane
  • sikre godt samarbeid mellom skule, heim og lokalsamfunn

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • krav om godkjend lærarutdanning
  • har leiarutdanning eller er villig å ta slik utdanning
  • har god pedagogisk forståing og kompetanse innan skuleutvikling
  • har forståing for spesialpedagogikk, tilpassa opplæring og sosialpedagogisk arbeid
  • har kunnskap om førebygging og utvikling av gode skulemiljø
  •  er ein trygg, tydeleg og relasjonsorientert leiar
  • evnar å skape engasjement, felles retning og resultat gjennom andre
  • har gjennomføringsevne og mot til å leie utviklingsprosessar
 Erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, oppfølging av læringsresultat og skulemiljøarbeid vil bli vektlagd. Vi er også opne for søkjarar med solid pedagogisk kompetanse og gode leiareigenskapar som ønskjer å ta steget inn i ei leiarstilling.

Me  tilbyr

  • ei meiningsfull og spennande leiarstilling
  • høve til å påverke og setje retning for skulen si vidare utvikling
  • ein arbeidskvardag med nærleik til elevar, medarbeidarar og føresette
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Vil du vere med og gjere ein forskjell?

Me søkjer ein rektor som ser moglegheitene i skulen, har høge ambisjonar på elevane sine vegner og vil skape utvikling saman med medarbeidarane.

Me gler oss til å høyre frå deg!


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Åshild Underdal

Kommunalsjef oppvekst

+47 41866970

Ashild.Underdal@ulvik.kommune.no

Om bedriften

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell inviterer til friluftsliv heile året. Me er ein Cittaslow- kommune og venskapsby med Greve i Toscana. Heradet tilbyr eit spennande og hyggeleg fagmiljø med gode uviklingsmoglegheiter, og kan hjelpe til med bustad og barnehageplass om du treng det. Ny barnehage opnar hausten 2027. Me er ein av kommunane der du kan få sletta litt av studielånet ditt. Ulvik herad har om lag 1100 innbyggarar og har 180 tilsette. Administrasjonsmålet er nynorsk. vikallar.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d9b5eded-add3-49df-8c2c-2c2b4b2fc766

Sist endret

9. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3677085_250413_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser