Hopp til innhold

Barnehagelærar

Arbeidsgiver

Ulvik Herad Ulvik barnehage

Sted

Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. desember

Ulvik barnehage ligg på Lekve, ca to km. frå Ulvik sentrum. Her er eit stort og flott uteområde, med tilgang til eit rikt nærmiljø med både natur- og kulturopplevingar.

Barnhagen har fire avdelingar, to småborns- og to storbornsavdelingar, med plass til rundt 60 born tilsaman.

Ulvik herad er ein heilskapleg kommune, der barnehagen er ein sentral del av fellesskapet. I barnehagen skal dei yngste innbyggjarane møta ein trygg arena for utvikling, leik og samspel. Me legg stor vekt på høg fagleg kvalitet og jobbar aktivt for at dei tilsette får utvikla og vidareutvikla kompetansen sin.

 

Ulvik herad har starta bygging av ny barnehage.

Ulvik herad er i tiltaksone for nedskriving av studiegjeld

 Hovudsatsing  for barnehagen er inkluderande barnehagemiljø og berekraft, samt  uteaktivitet og natur som læringsarena.  Målet til Ulvik barnehage er også «Ein stad der alle trivst» leiken står sentralt i alt me gjere. 

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Me søkjer etter deg som kan samarbeida i team, kan kommunisera godt med barn, kan arbeide sjølvstendig, ynskjer å læra av og med andre, er utviklingsorientert, har positivt barnesyn, har humor og god relasjonskompetanse.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Sonja Haugland

Styrar

40007140 +47 40007140

sonja.haugland@ulvik.kommune.no

Om bedriften

Ulvik barnehage har fire avdelingar. To avdelingar med born frå 1 – 3 år, og to avdelingar med born frå 3 – 6 år. Det er kring 45 barn i år. Me er i år 16 tilsette, nokre arbeidar deltid. Barnehagen ligg på Lekve, om lag to km frå sentrum. Me ligg midt i «smørauga» med lett tilgang til varierte naturopplevingar, gardsbesøk som omfattar både dyrehald og fruktproduksjon, Holmen idrettsarena og Holmen kulturpark. Me har eit godt samarbeid med Haugesenteret i sentrum samt Brakanes skule. Fokusområde vårt er: Leik, Kropp, rørsle, mat og helse samt Kunst, kultur og kreativitet. Hovudmålet vårt er: Barnehagen ein plass der alle trivast!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

15d84344-4f43-4146-bd47-cae59d52cbb2

Sist endret

17. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3679599_251077_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser