Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) lyser ut ei mellombels stilling frå snarast.
Nord-gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS
Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre, Lesja
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektkonsulent
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Vi søkjer ein framoverlent og nytenkjande person, med gode digitale ferdigheiter og med kjennskap til NGR. Stillinga er 100% stilling som prosjektmedarbeidar i NGR. Stillinga er mellombels frå snarast -- 1.04.2028.
Kvalifikasjonar:
-
Inneha kompetanse frå IKT, digitalisering og prosjekt (Utdanning, kurs eller fagbrev og erfaring).
-
Erfaring fra digitaliseringsprosjekt, kvalitetsarbeid og bruk av IKT.
-
Gjerne ha kjennskap til renovasjonsbransjen.
-
Førarkort klasse B.
-
Gode digitale ferdigheiter og lett kunne jobbe i ulike program og utstyr.
-
Fleksibel, positiv og serviceinnstilt.
-
Meistre å jobbe sjølvstendig, men samstundes kunne samarbeide godt med andre, og på tvers av avdelingar.
-
Initiativrik og løysingsorientert
-
Læreviljug og lærenem, men og kunne formidle eigen kunnskap.
-
Sans for orden og struktur
-
Personleg skikka.
-
Digitaliseringsarbeid.
-
Utstyrsregistrering, lagerføring og datafangst.
-
Feltarbeid ute i heile Nord-Gudbrandsdalen -- registrering av til dømes behaldarar, konteinarar osv.
-
Opplæringsarbeid av digitale systemer i organisasjonen.
-
Kvalitetsarbeid.
-
Ei ny og spennande prosjektstilling i ein bransje i utvikling og vekst.
-
Godt arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
-
Lønn etter avtale.
-
Gode pensjon- og forsikringsordningar.
-
Opplæring og kursing.
Stillinga vil ligge organisatorisk under driftsleiar. Oppmøtestad er kontoret på Dovre/Dombås, men stillinga krev varierte oppmøtestader innad i NGR og Nord-Gudbrandsdalen. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for gode arbeidshøve og naudsynt utstyr. NGR held bil ved mykje køyring.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:
Driftsleiar, Tom André Hånsnar, e-post: tom.andre.hansnar@ngr.no, tlf. 48038444
Dagleg leiar, Marit Svanborg, e-post: marit.svanborg@ngr.no, tlf. 90366459
Søknad og CV kan sendast til post@ngr.no innan 22.02.2026
Om bedriften
Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) er eid av kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Lesja og Dovre. NGR har ansvar for å handsame alt hushaldningsavfall i regionen og har i tillegg ein betydeleg andel næringsrenovasjon. Selskapet har i dag 35 ansatte og ei omsetning på om lag 70 millionar kroner. Vi handsamar om lag 15.000 tonn avfall årleg. NGR driv transport i eigen regi med 7 renovasjonsbiler og 1 vogntog for transport av lift- og krokcontainerar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d9b5e092-dd1a-4276-ba4b-996225b5bb6a
- Sist endret
23. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d9b5e092-dd1a-4276-ba4b-996225b5bb6a
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Midt-Gudbrandsdal Renovasjon IKS
Sted
Sør-Fron
Arbeidsgiver
Veksthuset Rekruttering AS
Sted
Ringebu
Fagarbeider - gjenvinningsoperatør
Arbeidsgiver
Stensli Gjenvinning AS
Sted
Brumunddal
Kontormedarbeider/ kjøreplanlegger
Arbeidsgiver
EKVATEK AS
Sted
Ingeberg